Føretaksnamn / firmanamn
Korleis skal du registrere føretaksnamnet ditt?
For å registrere føretaksnamnet ditt gå til til Foretaksregisteret i Brønnøysund.
Du kan registrere namn som direkte beskriv verksemda til føretaket ditt, men da vil du kun få vern mot heilt identiske namn. For at du skal hindre andre i å bruke forvekselbare namn, må namnet ditt vere særprega.
Les meir om korleis du kan beskytte føretaksnamnet eller firmanamnet
Registrere føretaksnamn som varemerke?
I visse tilfelle kan eit føretaksnamn også registrerast som varemerke.
Les meir om vilkåra for å registrere eit varemerke.
I daglegtale brukast omgrepa firma, bedrift og føretak mykje om kvarandre. Men i norsk lov brukast ordet "føretak".
Vern av føretaksnamn
Beskrivende namn
Viss du registrerer eit namn som direkte beskriv verksemda til føretaket ditt, vil du berre få vern mot heilt identiske namn. For å hindre andre i å bruke eit namn som kan forvekslast med ditt namn, må du velje eit særprega namn.
Særprega namn
Ønskjer du vern mot konkurrentane dine?
- Vel eit føretaksnamn som har særpreg, det vil seie eit namn som ikkje beskriv kva bransje du er i. Då kan du hindre andre i å registrere føretaksnamn som kan forvekslast med ditt.
- Eit par døme på føretaksnamn som har særpreg er Freia AS og Ruter AS. Namnet beskriv ikkje kva varer eller tenester dei yter, det er eit oppdikta namn.
- Jo meir særprega føretaksnamnet er, jo større vern vil det ha mot føretaksnamna og varemerka til andre.
- Sjekk rettane til andre - er varemerket ledig?
Fordelar med eit beskrivande namn
- Foretaksnavnet ditt kan beskrive kva bransje du er i.
- Det er enklare for deg å reklamere for varene og tenestene dine, fordi kundar lettare vil sjå kva bransje du opererer innan ved å sjå på føretaksnamnet ditt.
Ulemper med eit beskrivande namn
- Du kan få problem med konkurrentar. Du kan ikkje hindre andre i å ha liknande beskrivande namn som sine føretaksnamn. Andre kan registrere sine føretaksnamn så lenge dei ikkje er identiske med ditt.
Døme: Har du valt eit namn som "Rørleggerservice AS" kan du ikkje hindre andre i å registrere "Rørleggerservice 1-2-3 AS" eller "Grünerløkkas Rørleggerservice AS". - Du kan få posten til konkurrentane eller dei får posten din. Sjølv om føretaket ditt er eit gyldig rettssubjekt (juridisk person) med organisasjonsnummer, og du kan sjølvsagt underteikne dokument, inngå kontraktar osb utan problem, kan det betyr i praksis at du får problem med mellom anna posten din.
- Marknadsføring: Det kan bli vanskeleg å skilje seg ut i marknaden. Eit føretaksnamn utan særpreg har mindre verdi, sidan du ikkje kan hindre andre i å registrere eit føretaksnamn som liknar. Folk som har lese reklamebrosjyren din går til ein av konkurrentane dine fordi dei blandar saman desse føretaksnamna.
Klager på føretaksnamn
Viss du meiner at et føretaksnamn registrert i føretaksregisteret er forvekselbart med ditt føretaksnamn eller varemerke, kan du sende inn ein klage til Patentstyret. Det same gjeld også viss føretaksnamnet krenkjer dine rettar til verna personnamn.
Det er berre føretaksnamn som er registrert i Føretaksregisteret du kan klage på. Føretaksnamn som berre er registrert i Enhetsregisteret fell utanfor ordninga. Du kan lese meir om Foretaksregisteret på nettsidene til Brønnøysundregistrene.
Forvekselbare føretaksnamn betyr til dømes at det likner på føretaksnamnet eller varemerket ditt, anten ved måten namna ser ut på eller skrivast, eller ved måten det uttalast. Det som blir avgjerande er om andre (dine potensielle kundar) vil kunne ta feil av ditt og andre sine namn.
Les meir om korleis du kan klage på registrering av eit føretaksnamn eller firmanamn
Regelverk
Foretaksnavnelov: Lov om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn mv. (lenkje til Lovdata)