Fornying / årsavgift

For å oppretthalde rettane dine, må du betale fornyingsavgifter for varemerke og design eller årsavgifter for patent.

Kor mykje, når og korleis skal du betale?

Det er frivillig å fornye retten din. Vi sender derfor ikkje ut faktura på årsavgifta for patent, eller fornyingsavgift for varemerke og design. 

OBS: Før du betalar: Dersom du skal gjere endringar i søknaden eller registreringa, må du melde dette skriftleg til oss i god tid før du betalar fornyinga.
Korleis melde inn endringar.

Fornyingsprov: For varemerke og design sender vi fornyingsprov til innehavar eller fullmektig ca. 10 dagar etter at vi har motteke betalinga.  

Slik betalar du: Gå til Betalingsinformasjon

Prisar: patent   |   varemerke   |   design

Varsling

Patentstyret sender eit brev med varsel til deg som søkjar eller innehavar eller til fullmektigen din ca. to månader før betalingsfristen. Patentkundar med fullmektig blir kun varsla når den første avgifta skal betalast.

Vi tilrår likevel at du opprettar eit gratis elektronisk varsel.
Slik opprettar du eit varsel

Fornyingar og årsavgifter i andre land

Avgifter og gebyr knytte til fornyingar av varemerke- og designregistreringar og årsavgifter på patent varierer frå land til land. For å vite kor mykje du skal betale i andre land, må du ta kontakt med fullmektigen din eller med patentverket i det aktuelle landet.

Kva skjer om du ikkje betalar avgifta innan fristen?

Dersom du ikkje betalar avgifta innan fristen, sender vi eit siste varsel om dette til deg som søkjer eller innehavar eller til fullmektigen din. Dette brevet sender vi ca. to månader før siste betalingsfrist. For å oppretthalde patentsøknaden, patentet eller registreringa, må du betale årsavgifta eller fornyingsavgifta og ei tilleggsavgift (forseinkingsavgift) innan seks månader frå den opphavlege betalingsfristen.

Patentsøknaden blir endeleg lagt bort eller patentet opphøyrer viss du ikkje betalar årsavgifta og forseinkingsavgifta innan siste frist.

Varemerke- og designregistreringa stansar dersom du ikkje betalar fornyingsavgifta og forseinkingsavgifta innan siste frist.

Tidleg betaling:
Design. Du kan betale fornyingsavgifta for design tidlegast eitt år før betalingsfristen.

Patent: Årsavgifta for patent kan tidlegast betalast 6 månader før betalingsfristen.

Varemerke: Fornyingsavgifta for varemerke:

  • Varemerkeregistreringar som går ut før 1. mars 2024: Registreringar kan fornyast tidlegast eitt år før og seinast seks månader etter.

  • Varemerkeregistreringar som går ut frå og med 1. mars 2024: Registreringar kan fornyast tidlegast seks månader før og seinast seks månader etter.

  • Dette er på grunn av overgangsreglane i samanheng med nytt regelverk.

Moglegheit for å gjenopprette saka

Dersom du ikkje har overhalde siste frist for betaling og dermed har tapt retten din, kan du be om at saka likevel blir teken under framleis behandling.
Les meir om kva som skal til for å få innvilga framleis behandling til trass for fristoversittnga.

Meiner du at du betalte innan siste frist? Då kan du kontakte Patentstyret.

Europeiske patent i Noreg

Meir informasjon om årsavgifter for EP-patent i Noreg

Fornying av internasjonale registreringar

Design: internasjonale designregistreringer fornyast gjennom WIPO (World Intellectual Property Organization)

Varemerker: internasjonale varemerkeregistreringer fornyast gjennom WIPO (World Intellectual Property Organization)

Gjeldande regelverk

Lenkjene går til Lovdata.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: