

Skal du ta gode avgjerder må du stille dei riktige spørsmåla - og du må gjere det så tidleg som mogleg i prosessen.
Under kategoriane design, varemerke og patent finn du meir informasjon om dei enkelte tenestene. Har du andre behov, kontakt oss og fortel om dine ønskjer. Vi har ingeniørar, juristar og erfarne saksbehandlarar som gir deg denne viktige informasjonen - så du kan ta dei riktige avgjerdene. Og best av alt - du får opplysningane i løpet av nokre dagar!
Du kan bestille forundersøkingar innafor fagområda varemerke, patent og design. Vi tilrår at du brukar det elektroniske skjemaet på Altinn av omsyn til tryggleik og moglegheit for sporing.
Bestill ein forundersøking
Alle forundersøkingar utførast etter lovpålagt teieplikt. Bestiller du ei forundersøking er du sikra full konfidensialitet.
Patentstyret sine forundersøkingar har oppnådd ISO-sertifisering - eit internasjonalt standardisert kvalitetssikringssystem.
Les meir om ISO-sertifisering
Søka blir gjort i allment tilgjengeleg informasjon. Resultatet av ei undersøking er ikkje bindande for Patentstyret ved ein senare søknad.
Patentstyret kan i enkelte tilfelle ikkje utføre bestilte oppdrag. Det gjeld for eksempel dersom ein ønskt forundersøking er tilknytt ei rettssak.
Du kan også sjekke databasen til Patentstyret sjølv. Der finn du all offentleg tilgjengeleg informasjon om varemerke, patent og design i Noreg - heilt gratis.
Søk i databasen
Vurderer du andre marknader enn det norske eller vil du undersøkje om ei oppfinning er ny? Vi har samla nokre aktuelle databasar som dekkjer fleire land. Tenestene er fritt tilgjengelege.
Søk i internasjonale databasar