Bestill forundersøking

Du kan bestille forundersøkingar innafor fagområda varemerke, patent og design. Forundersøkingar er ei betalt teneste.

To måtar å bestille ein forundersøking

  1. Elektroniske skjema på Altinn:
    Vi tilrår at du brukar det elektroniske skjemaet på Altinn av omsyn til tryggleik og moglegheit for sporing. Du får kvittering umiddelbart. Skjemaa finst både på bokmål og nynorsk. Ønskjer du hjelp i bruk av Altinn, sjå på Altinn brukarservice.
     
  2. E-post:
    Viss du ikkje ønskjer eller har mogleheit til å bruke Altinn, kan du sende bestillinga direkte til Patentstyret på e-post oppdrag@patentstyret.no. Vêr merksam på moglegheita for at sensitiv informasjon kan kome på avvege ved bruk av e-post Vi tilrår derfor at du brukar systemet vårt for "Sikker filutveksling" for å sende filene på ein sikker måte. Her må du registrere deg som brukar.

Pris og levering

Pris og levering

Ulike typar forundersøkingar

Du kan også sjekke sjølv

Det er også mogeleg å sjekke Patentstyrets database sjølv ved å bruke søkjetenesta vår. Der finn du all offentleg tilgjengeleg informasjon om varemerke, patent og design i Noreg - heilt gratis.
Søkjetenesta

Spørsmål

Dersom du har spørsmål om forundersøkingar, ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 22 38 73 00.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: