
Grunnlag for Freedom to Operate
Grunnlag for Freedom to Operate (FTO) gir deg blant anna oversikt over patent som kan bety noko for handlingsrommet rundt ein bestemt teknologi. Dette gir eit godt grunnlag for å vurdere inngrepsrisiko, og for å navigere innan eitt eller fleire tekniske område kor andre allereie har etablerte rettar.
Avdekk moglege hindringar
Andre sine patent kan lett kome i vegen for vidare produktutvikling. Med Grunnlag for FTO innan eit bestemt teknisk område får du vite kva som finst av nærliggande patent.
Dei relevante patenta vi oppdagar utgjer ikkje nødvendigvis noko hindring for fri utøving. Dersom du vil at vi skal sjekke om dei framleis er gyldige og i kva land, kan vi gjere dette som ei tilleggsteneste.
Benytt Grunnlag for FTO viss du
- er i ferd med å lansere eit nytt produkt
- vil lansere eit eksisterande produkt i nye marknader
- ønskjer å avdekkje risiko før investering i ei bedrift med patentert teknologi
- treng ei avklaring rundt liknande, eksisterande rettar før innlevering av ein patentsøknad
- har behov for inspirasjon til vidareutvikling
Innhald og kvalitet
- Undersøkinga gjerast av saksbehandlarar som har dei aktuelle tekniske fagområda som spesialfelt. De kan ha dialog før, under og etter forundersøkinga.
- Du mottek ein skriftleg rapport med funn og kommentarar. Rapporten kan brukast som underlagsmateriale for vidare analyse. Viss verksemda di ikkje jobbar med IPR til dagleg, anbefaler vi å bruke eit patentbyrå til sjølve analysen for å avklare om du har "Freedom to Operate".
Kva for databasar søkjer vi i?
Våre saksbehandlarar brukar databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til.
Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Det vil blant annat seie at nasjonale og internasjonale patentsøknader som er innanfor løyndomsperioden på 18 månader ikkje kan takast med i vurderingane.
Sjekkliste for bestilling
- Forklaring av kva som er hensikta med undersøkinga, til dømes:
- Avdekke handlingsfriheit og inngrepsrisiko før lansering
- Kartleggje andre sine rettar ved lansering i nye marknader
- Avklare før ny patentsøknad utformast
- Få inspirasjon for vidareutvikling
- Navigere utanom patenttette område
- Grunnlag for fastsetjing av verdiar ved investering eller sal
- Beskriv det tekniske området som du ønskjer kartlagt. Ta med tilgrensande område som er aktuelle.
- Oppgi nærliggjande patent og patentsøknader du har kjennskap til. Ta gjerne med faguttrykk eller nøkkelord som blir benytta i databasar.
- Lag ei geografisk avgrensing – viss det er bestemte land som er meir aktuelle enn andre.
- Oppgi aktørar eller konkurrentar som du er spesielt interessert i å kartleggje.
- Sjå på nettsider, artiklar, teikningar eller annan informasjon som belyser det du ønskjer å avdekke.
Bestilling og levering
Du mottek vanlegvis forundersøkinga innan 10 vyrkedagar.
Konfidensiell behandling
Vi utfører alle forundersøkingar etter lovpålagt teieplikt, og behandlar kjøp av denne tenesta konfidensielt.