To kvinner diskuterer en patentsak. Foto: Beate Willumsen
Foto: Beate Willumsen

Har du funne opp noko og er usikker på om det finst frå før?

Det kan vere lurt å sjekke om andre har tenkt på det same som deg. Lurer du i tillegg på om og korleis du skal gå vidare med oppfinninga di? Book eit Dialogsøk med oss.

Vi leiter saman

Du er ekspert på ideen din, vi er ekspertar på rettar og søk etter liknande teknologi. Bestill eit møte med oss, så får vi deg vidare. Dette er ei betalt teneste: kr 2 360 ekskl. mva.

Vi sit saman på Teams og søkjer i databasar etter patentlitteratur og oppfinningar som er innanfor fagområdet ditt. Dette er både eit søk og ein introduksjon til patentområdet. Du og ekspertane våre utfyller kvarandre i kompetanse, og søket blir både kreativt og lærerikt. Du kan gjere mykje sjølv, men vi kan hjelpe deg i gang.

Eit møte med ekspertane våre vil gi deg verdifull informasjon om det allereie finst liknande teknologi, og om andre sine rettar på fagområdet ditt. Dette er viktig å vere klart over så du ikkje risikerer å krenkje andre sine rettar. Kanskje du finn noko som inspirerer til vidare innovasjon?

Slik blir eit Dialogsøk utført

  • Du avtaler eit digitalt møte med hos oss.
  • Du får to timar søkjehjelp og teknisk informasjon frå ein av ekspertane våre.
  • Dette gir deg kunnskap om kva patent som finst innan fagfeltet og betre kjennskap til marknaden din.
  • Eksperten vår forklarer komplekse omgrep og hjelper deg på vegen slik at du lærer å evaluere informasjonen du finn.
  • Etter møtet får du alle resultata med lenkjer til dei patentdokumenta som blei funne i møtet. Desse resultata kan vere avgjerande for vidare utvikling og innovasjon av teknologien din.
  • Få inspirasjon til vegen vidare utan å bryte andre sine rettar.

Pris: kr 2 360 ekskl. mva.

Bestill her, eller ring kundesenteret vårt på telefon +47 22 38 73 00, så hjelper dei deg vidare.

Obligatoriske felt er merka med *

Vel kva fagområde oppfinninga di tilhøyrer* (kun ett alternativ)

VIKTIG: Skildre produktet din eller teknologien din i korte trekk i feltet under, men ikkje melde fortruleg informasjon.
Du kan for eksempel skrive: ein app, kommunikasjon, oppdrettsrelatert, brønnteknologi, hjelpemiddel for bruk i eldreomsorga, skibinding, drikkekartong osv.

Vi kontaktar deg innan 2 arbeidsdagar for å få fleire opplysingar om kva teknisk område oppdraget gjeld, og for å avtale tid for å gjere sjølve søket. 


Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med kundesenteret vårt på telefon +47 22387300.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: