
Innleiande patentsøk
Når du som patentrådgjevar skal utføre databasesøk for å sjekke nyheitsverdien av ei oppfinning, er det viktig å få med alle patent og annan litteratur som kan vere hindrande for oppfinninga sin veg vidare.
Kompetanse, søkjemetodikk og kva for databasar som brukast kan vere utslagsgivande for kva resultat du får.
Ved eit innleiande patentsøk hos Patentstyret vil ein profesjonell saksbehandlar gjere jobben, med dei beste føretsetnadene og verktøya for å finne relevant materiale.
Denne tenesta kan benyttast når du ønskjer å:
- vurdere om ei oppfinning er ny
- få eit godt grunnlag for ein velfundert patentsøknad
- evaluere «Invention Disclosures»
Innhald
Innleiande patentsøk gir deg ei oversikt over nærliggjande og mogleg overlappande oppfinningar som er patentert eller søkt patentert. Saksbehandlaren vår kan også sortere sakene etter kor relevante dei er for den aktuelle oppfinninga.
Produktet er meint som ei kostnadseffektiv teneste, og er berekna på patentfaglege ekspertar som kan tolke og arbeide vidare med søkjeresultatet på eiga hand.
Innleiande patentsøk inneheld ikkje ei fullstendig nyheitsvurdering. For dette formålet anbefaler vi «Nyheitsundersøking» eller «Patenterbarheitsvurdering».
Tilleggsgransking
Ønskjer du ytterlegare søk og gransking etter eit innleiande patentsøk, tilbyr vi gjerne dette etter nærmare avtale.
Kva for databasar søkjer vi i?
Våre saksbehandlarar brukar databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til.
Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Det vil blant anna seie at nasjonale og internasjonale patentsøknader som er innanfor løyndomsperioden på 18 månader ikkje kan takast med i vurderingane.
Pris og levering
Du kan avtale omfang og prisramme for søket i framkant. Leveringstida er maksimalt 10 vyrkedagar frå bestilling.
Pris og leveringstid på forundersøkinga er avhengig av omfanget av oppdraget.
Sjå under "Innleiande patentsøk" i prislista.
Etter bestilling vil saksbehandlaren kontakte deg for å avklare oppdraget nærmare.
Du kan bestille på fleire måtar.
Les meir om korleis du skal sende oss bestilling.
Konfidensiell behandling
Alle forundersøkingar blir utførte etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking, er du sikra full konfidensialitet.