
Nyheitsundersøking
Det er mange døme på oppfinningar som er gjort meir enn éin gong, fordi oppfinnaren ikkje har undersøkt tilstrekkeleg kva som finst frå før. Denne forundersøkinga kan avklare om ideen er ny.
Vurdering tidleg i prosessen
Nokon kan allereie ha patentert eller søkt patentvern på same type oppfinning, eller teknikken kan vere kjent frå før. Det betyr at ideen ikkje kan patenterast og kanskje derfor ikkje er noko å gå vidare på. Unngå unødig utvikling o g kostnader – sjekk først om oppfinninga er ny eller blir ått av andre.
Ei nyheitsundersøking kan også vere eit godt hjelpemiddel for å formulere ein betre patentsøknad, fordi du kan navigere utanom kjent teknikk frå starten av.
- Vi foretek ei nyheitsgransking for å sjekke om oppfinninga er ny samanlikna med annan kjent teknikk. Dette inkluderer offentleggjorte patent og patentsøknader på verdsbasis, og annan relevant litteratur. Rapporten vil gi svar på kva som allereie finst av oppfinningar som likner på din.
- Du får ein saksbehandlar som har dei aktuelle tekniske fagområda som fagfelt. De kan ha dialog før, under og etter forundersøkinga.
Kva for databasar søkjer vi i?
Våre saksbehandlarar brukar databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til.
Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Det vil blant anna seie at nasjonale og internasjonale patentsøknader som er innanfor løyndomsperioden på 18 månader ikkje kan takast med i vurderingane. Resultatet av ei undersøking er ikkje bindande for Patentstyret ved ein senare søknad.
Sjekkliste for bestilling
Informasjon du bør ha med i bestillinga:
- Skildre den tekniske løysinga
- Skildre på kva måte du meiner di løysing skil seg frå tidlegare kjent teknikk - kva som er unikt
- Legg ved figur, teikning eller liknande viss det finst
- Oppgi faguttrykk du kjenner til, gjerne på engelsk eller anna relevant språk
- Oppgi konkurrentar eller andre som opererer innan same område
- Kva veit du er tidlegare kjent
- Har du ein artikkel som beskriv fagområdet - eventuelt namn på forskar/forfattar?
- Nettsider eller anna
Bestilling og levering
Du mottek vanlegvis forundersøkinga innan 10 vyrkedagar.
Prisen på forundersøkinga er avhengig av omfanget av oppdraget.
Sjå under "Nyheitsundersøking" i prislista.
Ei god skildring av oppfinninga er viktig for at vi skal kunne gjere ei best mogleg nyheitsundersøking.
- Forklar det tekniske problemet slik det foreligg i dag.
- Presenter løysinga og beskriv dei tekniske detaljdetaljane for ideen nærmare.
- Send gjerne med teikningar, skisser, lenkjer eller liknande.
- Om du kjenner til moglege mothald eller hindringar, oppgi også dette.
Etter bestilling vil saksbehandlaren kontakte deg for å avklare oppdraget nærmare.
Les meir om korleis du sender bestilling.
Konfidensiell behandling
Vi utfører alle forundersøkingar etter lovpålagt teieplikt, og behandlar kjøp av denne tenesta konfidensielt.