Overvaking
Vi kan levere overvaking av teknisk område nasjonalt og internasjonalt.
Vi søkjer i Patentstyret sin eigen patentdatabase i og i andre relevante patentdatabasar verda over. Vi kan gi deg verdifull informasjon om teknisk utvikling og rettar på fagområdet ditt.
Innhald og kvalitet
- Vi utfører søk for å avdekke eit nærmare bestemt område i samråd med deg som kunde. Søka inkluderer allment tilgjengelege patent eller -søknader på verdsbasis og eventuelt annan relevant litteratur.
- Du bestemmer sjølv kor ofte du ønskjer rapportering, til dømes månadleg, kvartalsvis eller halvårlig overvaking.
- Saksbehandlarane våre brukar databasar og verktøy som berre dei nasjonale patentverka har tilgang til. Du får dermed betre garanti for at relevant materiale blir funne enn om du søkjer sjølv i basar eller benyttar andre.
- Vi gjer vurderingar i samsvar med norsk og europeisk patentpraksis og oppfyller krav til kvalitet, kompetanse og konfidensialitet.
Alle forundersøkingar utførast etter lovpålagt teieplikt. Bestiller du ei forundersøking er du sikra full konfidensialitet.
Pris og levering
Prisen avheng av omfanget på oppdraget. Vi gir eit uforpliktande pristilbod i forkant.