
Validitetssøk
Viss du har mistanke om at eit utanlandsk patent er gitt på feil grunnlag, kan det vere gode grunnar til å få undersøkt om patentet eigentleg held mål.
Med ei ny gransking kan du få avdekka om det finst informasjon som kan brukast til å avvise konkurrentar sine patentrettar i inngrepssaker, rettstvister eller motsegn.
Innhald og kvalitet
Vi vil søkje etter dokument som kan vere aktuelle for å motseie gyldigheita av patentet, eller spesifikke funksjonar i eit eller fleire patentkrav. Vår granskar på fagområdet vil finne fram eventuelle nye dokument som kan ha relevans for patenterbarheita. Dette gjerast ved å byggje vidare på søk som er gjort frå før, og samtidig søkje i andre databasar og på nye måtar enn ved tidlegare gransking.
Validitetssøk kan du også bruke for å forvisse deg om at eigne patent er gitt på rett grunnlag, eller ved lisensiering, kjøp og sal.
I rapporten frå oss får du ei oversikt over dei aktuelle patenta eller søknadane som blir funne, sortert etter relevans.
Vidare vil saksbehandlaren gi meir detaljerte referansar til relevante delar i dokumenta. Vi kan også utarbeide eit «claim enchart» som viser overlapp mellom den kjende teknikken og det du har beskrive.
Vi utfører kvalitative granskingar innan alle teknikkområde med tilgang til mange og avanserte databaseverktøy, og har dei beste føresetnadene for å finne relevant materiale.
Reservasjon
Vi gir ikkje vurderingar eller uttalar oss om kvarvidt patent kan reknast som gyldige eller ikkje. Rapporten frå oss er meint som eit underlag for vidare analyse av om eit patent eller patentkrav kan bestridast.
Vi anbefaler derfor å bruke annan patentfaglig ekspertise i vidare tolking og strategi.
Vi tilbyr ikkje validitetssøk for norske, danske eller islandske patent eller patentsøknader.
Kva for databasar søkjer vi i?
Våre saksbehandlarar brukar databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til.
Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Det vil blant anna seie at nasjonale og internasjonale patentsøknader som er innanfor løyndomssperioden på 18 månader ikkje kan takast med i vurderingane.
Bestilling og levering
Du mottek vanlegvis forundersøkinga innan 10 vyrkedagar.
Prisen på forundersøkinga er avhengig av omfanget av oppdraget.
Sjå under "Validitetssøk" i prislista.
Etter bestilling vil saksbehandlaren kontakte deg for å avklare oppdraget nærmare.
Du kan bestille på fleire måtar.
Les meir om korleis du skal sende oss bestilling.
Konfidensiell behandling
Alle forundersøkingar blir utførte etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking, er du sikra full konfidensialitet.