Liknande varemerke

Kan eg kome i konflikt med andre sine rettar?

Før du brukar tid og pengar på eit nytt varemerke, er det viktig at du orienterer deg om andre sine rettar. Denne forundersøkinga gir deg ei oversikt over registrerte varemerke som kan likne ditt.

Bruk forundersøkinga viss du:

  • lurer på om varemerket ditt er unikt eller originalt
  • vil forsikre deg om at varemerket ditt ikkje er registrert tidlegare eller likner andre registrerte varemerke

Vurdering tidleg i prosessen

sjekkar du tidlegast mogleg om varemerket ditt er originalt, har du tid til å gjere nødvendige endringar før lansering. Da kan du også hindre konfliktar med andre varemerkeeigarar.

Innhald og kvalitet

  • Noreg: vi undersøkjer om det finst varemerkesøknadar eller registrerte varemerke i Noreg som likner fonetisk eller visuelt, er identiske med - eller inneheld varemerket ditt.
  • Forundersøkinga inkluderer ikkje uregistrerte varemerke som blir brukt i Noreg. Vi anbefaler derfor at du også sjekkar andre kjelder, som Brønnøysundregistra (brreg.no) for føretaksnamn og Norid (norid.no) for domenenamn. I tillegg bør du søkje på internett for å sjå om ordet du ønskjer å registrere brukast av andre.

Kva for databasar søkjer vi i?

Vi gjer søka med profesjonell søkjemetodikk, og brukar blant anna databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til. Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Resultatet av forundersøkinga er ikkje bindande for Patentstyret ved ein seinare søknad.

Bestilling og levering

Du mottek vanlegvis forundersøkinga innan 4 vyrkedagar. Ønskjer du eit raskare svar, kan du bestille hasteoppdrag. Da får du rapporten innan 24 timer.

Prisen på forundersøkingar er avhengig av oppdraget sitt omfang.
Sjå under "Liknande varemerker" i prislista.

Sjølve bestillinga kan sendast til oss på fleire måtar.
Les meir om korleis du skal sende oss bestilling.

Konfidensiell behandling

Vi utfører alle forundersøkingar etter lovpålagt teieplikt, og behandlar kjøp av denne tenesta konfidensielt.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: