
Registrerbarheit av varemerke
Vil du verne namn eller logo med ei varemerkeregistrering, er det ein fordel å først sjekke om varemerket oppfyller krava. Denne forundersøkinga gir deg i løpet av få dagar ei vurdering av om varemerket kan registrerast i Noreg.
Vurdering tidleg i prosessen
Viss du tidleg i namneprosessen undersøkjer om det foreligg hindringar for å registrere varemerket, får du moglegheit til å gjere nødvendige endringar.
Namnet eller logoen må vere særprega, skilje seg frå andre sine kjenneteikn og oppfylle andre krav i varemerkelova for å kunne bli registrert som varemerke.
Innhald og kvalitet
- Du mottek ei fagleg vurdering av om varemerket kan registrerast i Noreg. Vi sjekkar om det finst liknande registrerte varemerke eller varemerkesøknadar, eller andre hindringar i varemerkelova.
- Vurderinga inkluderer ikkje uregistrerte varemerke som blir brukt i Noreg. Derfor anbefaler vi at du også sjekkar andre kjelder, som Brønnøysundregistra for føretaksnamn og Norid for domenenamn. I tillegg bør du søkje på internett for å sjå om ordet du ønskjer registrert blir brukt av andre.
- Ver merksam på at du ikkje får registrert varemerket ved å bestille denne forundersøkinga. For å registrere varemerket må du sende ein eigen søknad om varemerkeregistrering.
Kva for databasar søkjer vi i?
Vi gjer søka med profesjonell søkjemetodikk, og brukar blant anna databasar og verktøy som berre nasjonale patentverk har tilgang til. Vi søkjer i allment tilgjengeleg informasjon. Resultatet av forundersøkinga er ikkje bindande for Patentstyret ved ein seinare søknad.
Bestilling og levering
Du mottek vanlegvis forundersøkinga innan 4 vyrkedagar.
Prisen på forundersøkingar er avhengig av omfanget av oppdraget.
Sjå under "Registrerbarheitsvurdering" i prislista.
Du kan bestille på fleire måtar.
Les meir om korleis du skal sende oss bestilling.
Konfidensiell behandling
Vi utfører alle forundersøkingar etter lovpålagt teieplikt, og behandlar kjøp av denne tenesta konfidensielt.