
Søk på designrettar
Vi undersøkjer om det finst varer eller ornament som er registrerte eller søkt registrerte tidlegare, og som er identiske med eller liknar på vara eller ornamentet ditt.
Du får ei oversikt over kva for registrerte design eller designsøknader som finst i Noreg for ein bestemt type vare eller for eit ornament til ein bestemt type vare.
Når kan det vere nyttig med eit søk etter rettar?
- Når du ønskjer å få eit grunnlag til å vurdere om designet ditt kan krenkje andre sine designrettar.
- Når du ønskjer inspirasjon til design på produktet ditt.
Konfidensiell behandling
Alle forundersøkingar blir utførte etter lovpålagd teieplikt. Bestiller du ei forundersøking, er du sikra full konfidensialitet.