Har nokon krenkt retten din?

Du må sjølv følgje med på om nokon krenkjer retten din.

Overvak marknaden, bruk internett og følg med på aktuelle konkurrentar.  Det finst også verksemder som kan overvake marknaden for deg. Jobbar du i fleire marknader og med store varemengder, kan det vere aktuelt å inngå eit samarbeid med Toll, slik at dei kan stoppe vareleveransar dersom det er mistanke om innførsle av ulovlege kopiar. 

Du kan også bruke varslingstenesta vår. Då får du melding dersom nokon søkjer om å registrere rettar innanfor same område.
Les korleis du kan sjølv setje opp eit varsel


 

Varemerke Design Patent

Varemerke: kva gjer du dersom nokon krenkjer varemerket ditt?

Har du oppdaga at andre brukar eit varemerke som liknar ditt eige, for same eller liknande varer eller tenester? Dette kan vere ei krenking av retten din. 

Du kan ta kontakt med den andre parten og forklare synet ditt. Det er lurt å ta skriftleg kontakt som du seinare kan dokumentere. Du bør leggje ved ein kopi av registreringa di og be den andre parten om å stoppe bruken av varemerket. I mange tilfelle kan du lukkast i å stoppe bruken når du kan dokumentere at du har einerett til varemerket.

Dersom den andre parten ikkje er einig med deg eller ikkje tek omsyn til retten din, kan du gå til søksmål for domstolane. Då bør du ta kontakt med ein advokat som er spesialist på immaterielle rettar. Ein dokumentert rett i form av varemerkeregistrering vil vere av stor verdi i ei eventuell rettssak.

Design: kva gjer du dersom nokon kopierer designet ditt?

Dersom du oppdagar at andre sel eit design som du meiner er eit inngrep i designregistreringa di, bør du fyrst vurdere nøye om du synast at det andre designet gir det same heilskapsinntrykket som designet ditt.

Dersom du meiner det er eit inngrep, bør du ta kontakt med den andre parten og forklare synet ditt. Det er lurt å ta skriftleg kontakt som du seinare kan dokumentere. Du bør leggje ved ein kopi av registreringa di og be den andre parten om å stoppe bruken av designet. I mange tilfelle kan du lukkast i å stoppe bruken når du kan dokumentere at du har einerett til eit design.

Dersom den andre parten ikkje er einig med deg eller ikkje tek omsyn til retten din, må du gå til søksmål for domstolane. Då bør du ta kontakt med ein advokat som er spesialist på immaterielle rettar. Ein dokumentert rett i form av designregistrering vil vise datoen for innlevering av designet til Patentstyret. Dette vil vere av stor verdi i ei eventuell rettssak.

Patent: kva om andre krenkjer patentet ditt?

Dette er utfordrande, og du bør alliere deg med eit patentbyrå eller eit advokatfirma.

Det er vanleg å fyrst sende brev til den du meiner krenkjer rettane dine. Ofte kjem de fram til ei løysing gjennom forhandlingar, men andre gonger må saka bli løyst i retten.

For å stoppe inngrep, kan domstolane raskt skrive ut ei såkalla mellombels åtgjerd. Dette betyr at konkurrenten din blir pålagd å stanse produksjon, marknadsføring og sal av produktet til saka kjem opp for retten. Ei behandling i rettsapparatet tek lengre tid, og retten fastset ei eventuell erstatning. Dette kan du krevje frå det tidspunktet patentsøknaden blei publisert. Rettssaker blir førte i kvart enkelt land, og dersom du må forsvare patentet i fleire land, kan kostnadene bli store. På sikt vil det bli ein felles patentdomstol for mange av EU-landa.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: