Administrativ overprøving av føretaksnamn

Denne sida inneheld informasjon om saksgangen, formelle krav, partane sine roller, ansvar og oppgåver, og Patentstyret sine oppgåver.

Kva er administrativ overprøving av føretaksnamn?

Administrativ overprøving av føretaksnamn er ei klageordning for den som meiner at det ligg rettsleg grunnlag føre for at eit «registrert føretaksnamn» skal opphevast.

Klageordninga gjeld berre for føretak som er registrert i Føretaksregisteret. Registreringar i Einingsregisteret kan ikkje overprøvast.

Den som leverer inn krav om administrativ overprøving, blir kalla kravstiller.

Ein kravstillar kan grunngi kravet sitt med at føretaksnamnet er registrert i strid med:

  • dei alminnelege registreringsvilkåra i føretaksnamnelova §§ 2-3 og rettane
    til 2-5
  • andre etter føretaksnamnelova § 2-6, eller er registrert i vond tru etter føretaksnamnelova § 2-6 andre ledd

Det er viktig å vere merksam på at registerførar (Brønnøysundregistera) ikkje undersøkjer om føretaksnamnet som er søkt registrert krenkjer rettar etter føretaksnamnelova § 2-6, men berre om føretaksnamnet er identisk med eit anna føretaksnamn.

Kva føretaksnamn har vern mot forvekselbare kjenneteikn?

For at kravstillers føretaksnamn skal ha vern mot forvekselsberre kjenneteikn, må det oppfylle krava til særpreg i varemerkelova § 14. Sjå føretaksnamnelova § 3–2 første ledd.

For at eit føretaksnamn skal oppfylle kravet varemerkelova har til særpreg, må det ikkje beskrive varene og tenestene for verksemda og det må ha særpreg som kjenneteikn. Vurderinga må som eit utgangspunkt byggje på den reelle verksemda i føretaket i dag, jf. Høyesterettsdommen om Pangea i HR-2016-1993-A, avsnitt 56.

Kven kan levere inn krav om administrativ overprøving?

Den som leverer inn krav om administrativ overprøving, må ha rettsleg interesse i saka. Dette følgjer av føretaksnamnelova § 3-6. Det juridiske omgrepet rettsleg interesse skal tolkast i samsvar med varemerkelova § 39 og tvistelova § 1-3.

Når må krav om administrativ overprøving bli levert?

Krav om administrativ overprøving av eit føretaksnamn, må fremjast innan 3 år frå registreringsvedtaket i Føretaksregisteret, sjå føretaksnamnelova § 3-6 første ledd.

Kva kostar administrativ overprøving av eit føretak?

Den som leverer inn krav om administrativ overprøving må betale eit klagegebyr, sjå betalingsforskrifta §§ 54 og 55.

Kan du krevje å få dekt sakskostnader?

Patentstyret har ikkje tilgang til å tilkjenne sakskostnader for administrativ overprøving etter føretaksnamnelova. Dette betyr at kvar part er ansvarleg for eigne sakskostnader i ei overprøvingssak for Patentstyret.

Viss Patentstyrets avgjerd blir klaga på til Klagenemnda for industrielle rettar, kan den som taper saka òg bli ansvarleg for sakskostnadene til den vinnande parten, sjå patentstyrelova § 9 første ledd siste punktum. Dette betyr at det berre er i klagesaker at krav om dekning av sakskostnader kan fremjast, og i samband med dette eventuelt òg blir tilkjend.

Kva må eit krav om administrativ overprøving innehalde?

Eit krav om administrativ overprøving må etter føretaksnamnelova § 3-6 andre ledd innehalde:

  1. namn og adresse på den som set kravet fram
  2. føretaksnamnet som krevst overprøvd (med organisasjonsnummer)
  3. kva grunnar kravet byggjer på
  4. nødvendig dokumentasjon av forhold som blir påkalla til støtte for kravet

Vil Patentstyret etterspørje dokumentasjon?

Patentstyret kjem ikkje til å etterspørje dokumentasjon som skal underbyggje grunnlaga. Vi vil heller ikkje gi råd om kor mykje som skal til for å rekne grunnlaga som dokumentert. Treng du meir individuelle og taktiske råd, tilrår vi å bruke eit patentkontor, IPR-rådgivar eller ein annan privat aktør som er ekspert på området. Sjå oversikta på www.iprhjelp.no.

Viss kravstiller svarer og leverer inn dokumentasjon i saka, vil Patentstyret vurdere om innehavar bør få ein frist til å kommentere kravstillers dokumentasjon.

Kort om saksgangen

Kvar part får normalt høve til å uttale seg to gonger i saka. Viss de ønskjer dette, må vi få utsegnene deira skriftleg innan dei svarfristane vi gir. Vi vil då sende over desse til motparten. Dersom de ikkje ønskjer å svare, ber vi de gi oss beskjed om dette, slik at vi kan behandle saka vidare så raskt som mogleg.

Når partane har fått høve til å uttale seg om saka, og ytterlegare skriftveksling ikkje er nødvendig, så vil saka takast opp til avgjerd innan ein månad. Patentstyret vil behandle alle grunnlaga i avgjerda.

Viss partane blir samde eller at det overprøvde føretaksnamnet blir endra i tilstrekkeleg grad, kan partane gi beskjed til Patentstyret om at kravet blir trekt, slik at saka kan hevast.

Kva kan Patentstyret prøve?

Patentstyret kan prøve om føretaksnamnet er registrert i strid med § 2-6 første ledd.

For føretaksregistreringar der registermelding er sendt til Brønnøysundregistera etter 1. mars 2023, kan Patentstyret òg prøve om føretaksnamnet:

  • er eigna til å villeie etter §2-3
  • strir mot lov, offentleg orden og moral etter §2-5
  • er registrert i vond tru etter § 2-6 andre ledd
Kva kan Patentstyret ikkje prøve?

Patentstyret kan mellom anna ikkje prøve:

  • Dei absolutte registreringshindringane, som er opplista i § 2-1, 2-2, og 2-4. Dette er forhold som må klagast på til Nærings- og fiskeridepartementet etter reglane i føretaksregisterlova, jf. § 2-7 andre ledd.
  • Merknader/påstandar utleidde av reglane i marknadsføringslova og heller ikkje føresegnene om registrering av domenenamn. Klage kan eventuelt leverast til Næringslivets Konkurranseutvalg eller Domeneklagenemnda.
  • Gyldigheita av det eldre føretaksnamnet. Det må eventuelt leverast inn eige krav om administrativ overprøving på dette. Innehavar kan likevel krevje at kravstiller dokumenterer at kjenneteiknet er teke i reell bruk etter føretaksnamnelova § 3-6 a.
  • Gyldigheita av kravstillers varemerkeregistreringar. Det må eventuelt leverast inn eige krav om administrativ overprøving eller innvending på dette. Innehavar kan likevel krevje at kravstiller dokumenterer at kjenneteiknet er teke i reell bruk etter føretaksnamnelova § 3-6 a.
  • Spørsmål om lovlegheita av eit føretaksnamn etter føretaksnamnelova § 5-1.
  • Om registreringa er i strid med § 3-1 andre ledd.

Kva må partane svare på/dokumentere?

Den som er innehavar av registeringen som kravet frå det rette mot, kan imøtegå kravet ved å svare på grunnlaga som kravstiller har gjort gjeldande

Den som er innehavar, kan òg imøtegå kravet ved å gjere gjeldande at den eldre retten ikkje er teken i reell bruk.

Viss kravet er grunngitt med at føretaksnamnet er registrert i strid med kravstillers eldre varemerke eller føretaksnamn, kan innehavar krevje at kravstiller dokumenterer at den eldre retten er teken i reell bruk, sjå føretaksnamnelova § 3-6 a. Det er i dette sambandet viktig å vere merksam på at kravstiller då kan måtte dokumentere bruk for to periodar:

  • femårsperioden forut for datoen då kravet om overprøving blei sett fram
  • femårsperioden forut for innkomstdagen for registermeldinga

Det kan altså vere snakk om to brukspliktperiodar. Les meir om bruksplikt.

Kravstiller må berre dokumentere reell bruk viss det har gått minst fem år frå endeleg avgjerd om å registrere kravstillers kjenneteikn frå då kravet om administrativ overprøving blei sett fram.

 

Eit føretaksnamn har ein offentlegrettsleg funksjon ved at namnet utgjer det offisielle namnet i føretaket og ein kjenneteiknfunksjon. Det eldre føretaksnamnet vil ikkje kunne utgjere eit grunnlag for oppheving av ei yngre registrering av eit føretaksnamn, viss det berre er nytta i funksjonen sin som det offisielle namnet i føretaket. For at det eldre føretaksnamnet skal kunne utgjere eit grunnlag for oppheving av det yngre registrerte kjenneteiknet, må det oppfylle tilsvarande krav til reell bruk som kjenneteikn for verksemda, slik som gjeld for varemerke etter varemerkelova § 37.

Det er kravstiller som har bevisbyrda for at kjenneteiknet som kravet byggjer på, er teke i reell bruk.

Viss kravstiller ikkje dokumenterer at kjenneteiknet er teke i reell bruk eller kan vise til at det låg rimeleg grunn føre for manglande bruk, så vil ikkje kravstillers eldre kjenneteikn kunne føre til at innehavar registreringa si kan opphevast. I eit slikt tilfelle vil kravet avslåast og registrereringane må bestå ved sida av kvarandre, sjå føretaksnamnelova § 3-6 a tredje ledd.

Viss kravstiller derimot dokumenterer reell bruk av kjenneteiknet sitt, så vil Patentstyret vurdere om innehavars registrering skal opphevast. Ei slik oppheving vil då vere grunngitt med at registreringa av innehavars kjenneteikn er eit inngrep i kravstillers kjenneteiknrett, eksempelvis viss kjenneteikna til partane er forvekselsberre.

Lovføresegna om bruksplikt i § 3-6 a har tilbakeverkande kraft.

Kan du klage på Patentstyrets avgjerd?

Patentstyrets avgjerd kan klagast på til Klagenemnda for industrielle rettar. Les meir om klageordninga.

Ofte stilte spørsmål

Føretaksnamn har ved registrering i Føretaksregisteret oppnådd eit landsdekkjande vern mot at andre bruker eit føretaksnamn som er til forveksling likt og som blir brukt for verksemd av same eller liknande slag. Geografisk tilhøyrsel har ikkje betydning i for vekselsbarhetsvurderinga etter føretaksnamnelova § 2-6 nr. 4. Det at kravstillers føretak til dømes held til i Drammen medan registreringshaveren held til i Oslo, er dermed ikkje relevant.

Registrering av eit domenenamn inneber berre ein bruksrett til namnet som adresse på internett, ikkje at ein får einerett til bruk på andre måtar. Registrering av eit domenenamn gir altså ikkje større eller andre rettar til namnet enn det ein eventuelt har gjennom ein dokumentert eldre kjenneteiknrett. Konfliktar som gjeld domenenamn, kan rettast til Domeneklagenemnda.

Faktisk forveksling har ikkje betydning i vurderinga etter føretaksnamnelova § 2-6 nr. 4. Med faktisk forveksling meiner vi tilfelle der andre aktørar forvekslar føretaksnamna i marknaden, til dømes ved mottak av feiladresserte postsendingar, førespurnader osb.

Det er vidare ikkje relevant i vurderinga etter føretaksnamnelova § 2-6 nr. 4 at det finst mange aktørar i bransjen som har registrert føretaksnamn beståande av ein identisk eller liknande bestanddel/merkeelement. Det er ei konkret vurdering av føretaksnamnet som er gjenstand for administrativ overprøving, og ikkje andre kjenneteikn.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: