Klageordning føretaksnamn

Korleis kan eg klage på registrering av eit føretaksnamn?

Viss du meiner at eit føretaksnamn registrert i Føretaksregisteret i Brønnøysund kan bli forveksla med ditt føretaksnamn eller varemerke, kan du sende inn ein klage til Patentstyret. Det same gjeld også viss føretaksnamnet krenkjer dine rettar til verna personnamn.

Det er berre føretaksnamn som er registrert i Føretaksregisteret du kan klage på. Føretaksnamn som berre er registrert i Enhetsregisteret fell utanfor ordninga. Du kan lese meir om Foretaksregisteret på nettsidene til Brønnøysundregistrene. 

Forvekselbare føretaksnamn betyr til dømes at det likner på føretaksnamnet eller varemerket ditt, anten ved måten namna ser ut eller skrivast, eller ved måten dei uttalast. Det som blir avgjerande er om andre (dine potensielle kundar) vil kunne ta feil av dei.

Frist

Klagen må vere komen inn til Patentstyret innan tre år etter at føretaksnamnet du meiner kan forvekslast med føretaksnamnet eller varemerket ditt blei registrert.

Korleis går eg fram?

Ein klage, eller rettare sagt krav om administrativ overprøving av ei føretaksnamnregistrering, må du levere skriftleg til Patentstyret. Det beste er å fylle ut skjemaet «Krav om administrativ overprøving av føretaksnamnregistrering» (PDF-fil). Kravet må innehalde kva for føretaksnamn (inkl. organisasjonsnummer) som du ønskjer overprøva. Du må også oppgi kva for rettar som du meiner er krenka - eit føretaksnamn eller eit varemerke. Vi sender deg ein faktura for innbetaling av klagegebyr.

Pris

Det kostar NOK 4000 å få kravet behandla. Du vil motta ein faktura i posten etter at vi har motteke klagen.

Regelverk

Reglane om klageordninga for føretaksnamn finst i føretaksnamnelova  (lenkje til Lovdata).

Prisen er regulert i Forskrift om betalinger mv. til Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettigheter, § 54  (lenkje til Lovdata).

Føresegna for ordninga er føretaksnamnelova § 3-6, som viser til § 2-6, kor grunnlaga som Patentstyret kan prøve blir lista opp.

Dei fleste krav om administrativ overprøving som vi mottek, gjeld merknad om forvekslingsfare med kravstillaren sin eldre kjenneteiknsrett, jf. føretaksnamnelova § 2-6 nr. 4.

Spørsmålet om eit føretaksnamn er eigna til å bli forveksla med føretaksnamnet eller varemerket til kravstillaren, blir avgjort frå ei heilskapsvurdering av bransje- og kjenneteiknslikskapen. Sjå føretaksnamnelova § 2-6 nr. 4, jf. §§ 3-3 fyrste ledd og 3-2 andre ledd.

Eit vilkår for at føretaksnamnet til kravstillaren skal ha vern mot forvekselbare føretaksnamn, er at føretaksnamnet til kravstillaren oppfyller dei krava til særpreg som gjeld etter varemerkelova (lenkje til Lovdata). Sjå føretaksnamnelova § 3-2 fyrste ledd.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: