Klageordningar design
Kva kan du klage på til Patentstyret?
Ein protest er ei klage som kjem inn til Patentstyret frå ein tredjepart under søknadsbehandlinga. Ei administrativ overprøving er ei klage som kjem inn etter at merket er registrert. Den som leverer ein protest blir ikkje formell part i saka, men ved innsending av administrativ overprøving blir ein part i saka.
Protest
Ein protest er ei innvending mot at Patentstyret skal registrere eit design i ein søknad som vi har under behandling.
Protesten kan berre føre fram dersom den er underbygd med at
- søknaden ikkje gjeld eit design
- designet strider mot offentleg orden og moral
- designet utan løyve inneheld eit våpen eller teikn (eksempelvis riksvåpen og statsflagg)
Dersom du ikkje kan få hindra registrering med ein protest, har du moglegheit til å levere inn eit krav om administrativ overprøving etter at designa er registrert. (Sjå nedanfor om dette).
Når og korleis kan du leverer inn ein protest?
Du kan levere ein protest mot ein søknad heilt fram til behandlinga av designsøknaden er avslutta. Dersom du leverer protesten etter at designet er registrert, vil vi behandle protesten som eit krav om administrativ overprøving av registreringa. (Sjå nedanfor om dette).
I protesten må du skriftleg grunngi kvifor du meiner at vi ikkje skal registrere designet. Det kostar ingenting å levere inn ein protest.
Behandling i Patentstyret
Patentstyret vil vurdere protesten og avgjere om den får innverknad på behandlinga vår av søknaden eller ikkje. Vi sender eit brev til den som har sendt inn ein protest om at protesten er motteken og om den får innverknad på behandlinga av søknaden. Samtidig informerer vi om moglegheit til å sende inn ei administrativ overprøving dersom søknaden blir registrert trass i protesten.
Vi informer søkjaren om at det er kome inn ein protest og sender også sjølve protesten til søkjaren slik at dei er informerte om innhaldet i protesten.
Administrativ overprøving
Viss du meiner at Patentstyret har registrert eit design på feil grunnlag, kan du klage på dette ved å sende inn ei «administrativ overprøving» til oss. Ordninga med administrativ overprøving er eit raskt, enkelt og billig alternativ til søksmål for domstolane. Den gjeld både for nasjonale og internasjonale designregistreringar som er gyldige i Noreg.
Du kan sende inn eit krav om administrativ overprøving i følgjande tilfelle:
- Dersom du meiner at eit registrert design ikkje oppfyller alle vilkåra for registrering i designlova, og vil at retten heilt eller delvis skal opphevast.
- Dersom du meiner at nokre andre har registrert ein design som er ditt, og vil at retten heilt eller delvis skal overførast til deg.
Les meir om dette i avsnittet lenger ned på sida «Kva grunnar kan klaga byggje på?»
Korleis skriv du ei administrativ overprøving?
Du må levere kravet skriftleg til Patentstyret. Kravet skal innehalde:
- namn og adresse til den som klagar, og namn og adresse til fullmektig viss du brukar dette
- designet sitt registreringsnummer, og kva for design i registreringa du klagar på (viss fleire)
- kva for grunnar klagen byggjer på
- nødvendig dokumentasjon til støtte for klagen
- fullmakt ved bruk av fullmektig, viss fullmektigen ikkje er advokat eller advokatfullmektig
Når må du sende inn kravet om administrativ overprøving?
Viss du meiner at Patentstyret har registrert eit design som er ugyldig, kan du levere eit krav om administrativ overprøving så lenge designregistreringa består. Krav om administrativ overprøving kan også leverast etter at designregistreringa er stansa, eller etter at det er gitt avkall på registreringa, men då må den som fremmar kravet ha «rettsleg interesse» i saka.
Viss du meiner at den som står oppført som søkjer/innehavar ikkje har retten til designa, må du levere krav om administrativ overprøving seinast eitt år etter at du fekk kjennskap til registreringa. Dersom innehavaren av designa var i god tru då designa blei registrert eller overførd til seg, kan du ikkje klage seinare enn tre år etter at dette skjedde.
Korleis behandlast ei administrativ overprøving av Patentstyret?
Viss klagen du sender inn ikkje oppfyller dei formelle vilkåra, gir Patentstyret ein frist for å rette manglane. Viss du ikkje retter manglane innan fristen, vil vi avvise kravet.
Når dei formelle vilkåra i klagen er oppfylde, oversender vi klagen til innehavaren av designregistreringa med éin månads frist for å uttale seg.
Partane får normalt høve til å uttale seg to gonger kvar. Sjølve klagen reknast som di første utsegn. Viss du er forhindra frå å svare innan fristen, kan du be om fristforlenging. Når vi meiner saka er tilstrekkeleg opplyst, skal saksbehandlaren i Patentstyret ta saka opp til avgjerd innan 2 månader.
Når klagen på designet skal avgjerast, blir det gjort ei ny og uavhengig vurdering av ein annan saksbehandlar enn han som var saksbehandlar da designet blei registrert.
Klagesaka kan få desse utfalla:
- Designet kjennast heilt ugyldig (opphevast) eller delvis ugyldig (oppretthaldast i endra form)
- Klagen blir avslått, slik at designregistreringa oppretthaldast uendra
- Designet blir heilt eller delvis overført til ein annan innehavar
Kva for grunnar kan klagen byggje på?
For å oppheve ein rett heilt eller delvis kan krava begrunnast med at designet:
- ikkje er eit design etter lova
- ikkje oppfyller kravet til nyheit og individuell karakter
- ikkje er synleg under normal bruk av produktet
- strir mot offentleg orden eller moral
- utan løyve inneheld eit våpen eller teikn (til dømes riksvåpen og statsflagg)
- kolliderer med eit design i ein tidlegare søknad (som ikkje var allment tilgjengeleg på det tidspunktet den nye søknaden blei innlevert). Dette er forutsett at den tidlegaste søknaden seinare blir offentleggjort.
- krenkjer ein annan sin rett her i landet, til dømes til eit varemerke eller eit åndsverk
- kun er bestemt av teknisk funksjon
Dersom du meiner at nokre andre har registrert eit design som er ditt, kan du krevje at vi heilt eller delvis overfører retten til deg.
Tips om dokumentasjon i saker om administrativ overprøving
Patentstyret tek omsyn til all relevant dokumentasjon som er sendt inn i klagen.
Viss du krev heil eller delvis overføring på grunn av feil innehavar av søknaden/registreringa, må du bevise at du sjølv har betre rett til designet enn den som står oppført som søkjar eller innehavar.
Viss du meiner at designet ikkje er nytt eller ikkje har individuell karakter, må du bevise at eit design med same helheitsinntrykk som det registrerte designet, var offentleggjort før søknadsdagen. Du må leggje fram god, datert dokumentasjon som er klart knytta til designet sitt utsjånad. Dette kan til dømes vere:
- søknader om design, varemerke eller patent
- registrerte design og varemerke og meddelte patent
- bilete påført datert stempel frå notarius eller liknande
- forretningsavtalar
- brosjyrar og reklamemateriell
- aviser og blader
Viss bilete frå internett ikkje er daterte, kan du i tillegg vise til datert omtale av produktet som klart viser at det bestemte produktet blei offentleggjort før søknadsdagen. Generelt vil ikkje daterte utskrifter frå internett reknast som tilstrekkeleg dokumentasjon. Dette er fordi datoar på utskrifter lett kan manipulerast eller leggast til i ettertid.
I praksis har det vist seg at det kan vere utfordrande å finne tilstrekkeleg klare og daterte bevis. For å finne tidlegare publisert materiale, kan det vere nyttig å bruke arkivtenester som til dømes Wayback Machine https://archive.org/web/ eller liknande.
Viss du sender inn film som bevis, bør du ta stillbilde frå filmen for å vise konkret kva for produkt du meiner er eit liknande eller identisk design.
Kor mykje kostar ei administrativ overprøving?
Når Patentstyret mottek ein klage (eit krav om administrativ overprøving) sender vi ut ein faktura til den som har sendt inn klagen (sjå prisliste). Du må betale dette gebyret før vi behandlar saka.
Viss Patentstyret avviser kravet, betalar vi tilbake halve beløpet.