Andre typer klagar (design)

Du kan klage på Patentstyret sine avgjerder i ein designsøknad eller på eit krav om at ei internasjonal designregistrering skal ha verknad i Noreg.

Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) behandlar klagen. Klagen skal sendast til Patentstyret, som vidaresender den til KFIR. Avgjerder frå Patentstyret (administrativ overprøving) og KFIR kan du klage vidare inn for domstolane (tingretten).

Du kan klage til KFIR i desse situasjonane

  • Patentstyret har nekta å registrere designet ditt fordi vi meiner det ikkje er eit design i lova si forstand, eller at det strir mot offentlege interesser.
  • Du har oppdaga forhold som tilseier at eit registrert design burde har blitt nekta.
  • Patentstyret har avgjort ei sak om administrativ overprøving (beskreve ovanfor) eller sak om administrativ oppheving; kor designet er registrert for ein innehavar som ikkje har retten til designet. Du meiner avgjerda er feil.
  • Patentstyret har beslutta å oppheve ei registrering av eige tiltak på grunn av openberr feil, men du er ikkje einig i beslutninga.
  • Patentstyret har avvist eller avslått ei sak om gjenopptaking, unntak frå offentlegheit, innsyn i dokument, fornying av ei designregistrering eller det at ei sak likevel skal takast under behandling trass fristoversitting. Du er ueinig i avslaget eller avvisinga.

Kva for nokre av Patentstyret sine avgjerder kan du klage på?

  • I ein designsøknad.
  • I eit krav om at ei internasjonal designregistrering skal ha verknad i Noreg.
  • Viss vi har nekta å registrere designet ditt fordi vi meiner det ikkje er eit design i lova si forstand eller at det strir mot offentlege interesser.
  • Viss vi har registrert eit design som ikkje skulle ha blitt registrert, til dømes at vi ikkje har oppdaga forhold som tilseier at det burde ha blitt nekta.
  • I saker om administrativ overprøving (beskrive ovanfor).
  • I saker om administrativ oppheving, kor designet er registrert for ein innehavar som ikkje har retten til designet.
  • Om å oppheve ei registrering av eige tiltak på grunn av openberr feil.
  • Patentstyret si avvising eller avslag i saker om gjenopptaking, unntak frå offentlegheit, innsyn i dokument, fornying av ei designregistrering eller det at ei sak likevel skal takast under behandling trass i fristoversitting.

Klagefrist

Klagefristen er 2 månader frå den dagen Patentstyret si avgjerd blei sendt til deg. Du må sende klagen til Patentstyret. Viss det er klart at klagen vil føre fram, kan Patentstyret oppheve eller endre avgjerda. I motsatt fall sender vi klagen vidare til KFIR.

Meir informasjon på nettsidene til Klagenemnda www.kfir.no

Kva kan du klage på til domstolane?

Avgjerder frå Patentstyret (administrativ overprøving) og KFIR kan klagast vidare inn for domstolane (tingretten).

Viss du har fremja eit krav om administrativ overprøving, kan du ikkje reise søksmål om ugyldigheit eller overføring mens saka behandlast i Patentstyret.

Avgjerder fatta av KFIR kan berre bringast inn for domstolane av ein søkjar eller rettshavar som har fått ei avgjerd imot seg. Hovudregelen er at søksmål må vere reist innan 2 månader, rekna frå den dagen avgjerda blei sendt frå KFIR. Viss ei avgjerd er anka inn for domstolen, skal KFIR informere Patentstyret om dette slik at Patentstyret sin database kan oppdaterast, og avgjerda skal kunngjerast i Norsk designtidende.

Meir informasjon finn du på nettsidene til KFIR:  

Relevante lovtekstar (henta fra Lovdata)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: