Ein protest er ei innvending frå ein tredjeperson. Den som leverer ein protest blir ikkje part i saka. Vi kan dele protest i to, dei som leverast før ein søknad er meddelt, og dei som leverast etter meddeling.
Alle kan krevje at eit patent skal erklærast heilt eller delvis ugyldig ved administrativ overprøving. Administrativ overprøving kan også krevjast for europeiske patent som er validert i Noreg.
Administrativ avgrensing er eit krav frå ein innehavar av eit patent om å avgrense eige patent. Informasjonen på denne sida gjeld for patentavgrensingar som blir leverte Patentstyret frå og med 1. juli 2019.
Avgjerder fatta av Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) kan berre bringast inn for domstolane av ein søkjar, ein innehavar av eit patent eller ein innsigar som har fått ei avgjerd imot seg.
Fann du det du lette etter?
NB: Tilbakemeldingar er anonyme! Ønskjer du svar, ta kontakt med oss på telefon 22 38 73 00 eller post@patentstyret.no
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.