Administrativ overprøving patent
Ordninga med administrativ overprøving er eit raskt, enkelt og billig alternativ til søksmål ved domstolane.
Frist for levering
Det er ikkje ein frist for å sende inn krav om administrativ overprøving. Eit krav om administrativ overprøving kan leverast når fristen for motsegn er gått ut, og eventuelle motsegnssaker eller sak om patentavgrensing er endeleg avgjord. Det same gjeld så lenge ei sak om patentet ved domstolane ikkje er endeleg avgjort. Ein part som tidlegare har reist sak for domstolane om gyldigheita av patentet, kan normalt ikkje krevje administrativ overprøving på eit seinare tidspunkt.
Overprøving kan krevjast i heile levetida til patentet. Dersom du har rettsleg interesse av å få spørsmålet prøvd, kan du også krevje administrativ overprøving sjølv om patentet er gått ut.
Pris
Når Patentstyret mottek kravet ditt, vil vi sende ut ein faktura som må betalast for at saka skal bli behandla. Vi betalar tilbake halve summen dersom vi avviser kravet.
Dersom Patentstyrets konklusjon er at patentet blir oppretthalde i endra form, skal innehavar betale eit gebyr for å utarbeide nytt patentskrift.
Sjå prislista for gebyrsatsane.
Når kan du krevje administrativ overprøving?
- Dersom du meiner patentet ikkje er gyldig, fordi vilkåra i patentlova §§ 1 til 2 ikkje er oppfylt.
- Dersom du meiner oppfinninga ikkje er skildra så tydeleg at ein fagperson kan utøve den, jf. patentlova § 8, andre ledd, tredje til femte setning.
- Dersom du meiner at patentet strider mot offentleg orden eller moral, jf. patentlova § 1 b.
Til forskjell frå ved ei motsegn, kan du likevel ikkje grunngje kravet med at patentet er kunngjort til ein annan enn den som har rett til oppfinninga.
Dersom kravet er grunngitt med noko anna enn at patentet er kunngjort i strid med patentlova §§ 1 til 2 eller § 8 anna ledd tredje til femte punktum, blir kravet avvist. Ugyldigheitsgrunnane som er nemnde i patentlova § 52, fyrste ledd, nr. 3) til 5), kan ikkje brukast i krav om administrativ overprøving.
Korleis skriv du eit krav om administrativ overprøving?
Eit krav om administrativ overprøving skal leverast til Patentstyret. Det er nokre formelle vilkår til kva eit krav om overprøving skal innehalde og korleis det skal utformast.
- Det skal vere skriftleg.
- Det skal vere på norsk, dansk eller svensk.
- Kravet om overprøving skal vere signert av den som krev overprøving eller vedkommande sin fullmektig.
Kravet om overprøving skal innehalde:
- Namn og adresse til den som har levert kravet, og namn og adresse til fullmektig dersom det blir brukt.
- Nummeret på patentet krava gjeld.
- Opplysing om kva patentkrav overprøvinga gjeld.
- Ei grunngiving for kvifor du meiner patentet er heilt eller delvis ugyldig.
- Nødvendig dokumentasjon som støttar kravet om overprøving.
- Dersom patentet er lisensiert; dokumentasjon på at den som har levert kravet har gitt melding om dette (i rekommandert brev) til alle registrerte lisenshavarar.
- Fullmakt ved bruk av fullmektig, med mindre fullmektigen er advokat eller advokatfullmektig og representerer deg personleg.
Dersom vilkåra for tidspunkt for levering av kravet ikkje er oppfylde, vil vi avvise kravet. For tidleg leveringstidspunkt er ein mangel som berre kan rettast ved å levere eit nytt krav.
Dersom kravet om overprøvinga ikkje oppfyller dei andre formelle vilkåra ovanfor, sender Patentstyret brev med én (1) månad frist for å rette manglane. Dersom du ikkje rettar manglane innan fristen, avviser vi kravet.
Dersom du ikkje leverer fullmakt, vil all vidare kommunikasjon skje direkte med deg.
For å levere kravet om overprøvinga til Patentstyret, tilrår vi å bruke skjemaet vårt for korrespondanse i Altinn. Dersom du ikkje kan bruke Altinn av ulike grunnar, kan du sende ein e-post til post@patentstyret.no.
Behandling av administrativ overprøving
Når Patentstyret har motteke eit krav om administrativ overprøving vil vi sende dette til innehavaren av patentet, som får tre (3) månaders frist til å uttale seg.
Hovudregelen er at kravstillar og innehavaren skal uttale seg én gong kvar før Patentstyret avgjer saka, der sjølve kravet om administrativ overprøving blir rekna som ei fråsegn. Når innehavaren har svart, vil vi vurdere om det er nødvendig med ytterlegare fråsegner frå partane. Dette skjer berre unnataksvis.
Patentstyret kan likevel ta omsyn til forhold som ikkje er omhandla i kravet om overprøving (for eksempel nye mothald). Dersom det er tilfellet, skal partane få høve til å uttale seg om dette.
Når vi reknar saka som tilstrekkeleg opplyste sender vi brev til partane om at saka blir teken opp til avgjerd, og vi avgjer så saka i eit utval beståande av tre personar.
Vurderinga i ei administrativ overprøving er uavhengig av vurderinga som blei gjort då patentet blei kunngjort. Dette inneber at utvalet som skal behandle kravet om administrativ overprøving ikkje har teke del i tidlegare behandling av søknaden eller patentet.
Mogelege utfall ved behandlinga av eit krav om overprøving
- Kravet blir avslått, slik at det kunngjorde patentet blir oppretthalde uendra.
- Kravet blir teke til følgje, patentet blir oppheva.
- Kravet blir delvis teke til følgje, patentet blir oppretthalde i endra form.
Avgjerdene i dei to siste punkta har verknad frå den dagen patentsøknaden blei levert.
Klage på avgjerda av eit krav om overprøving
Dersom kravet om overprøving blir avslått eller dersom klagar berre får delvis medhald, kan den som leverte kravet klage avgjerda inn til Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR). Dersom kravet om overprøving fører til at patentet blir oppheva eller endra, kan innehavaren av patentet klage avgjerda inn til KFIR Klagefristen er to (2) månader frå den dagen avgjerda blir sende til partane. For å få klaga behandla må du betale eit klagegebyr.
Meir informasjon om Klagenemnda for industrielle rettar
Sakskostnadar
Patentstyret kan tilkjenne ein part i eit krav om administrativ overprøving sakskostnader frå den andre parten.
Les meir om sakskostnadar
Relevante regelverk
(lenkjer går til Lovdata)
- Patentlova §§ 52b-52e
- Patentforskrifta §§ 41 og 42
- Betalingsforskrifta § 28
- Patentstyrelova §§ 7 og 9
- Patentretningslinjene del D, kap. VI (ligg på Patentstyret sine nettsider)