Administrativ patentavgrensing

Administrativ avgrensing er eit krav frå ein innehavar av eit patent om å avgrense eige patent. Informasjonen på denne sida gjeld for patentavgrensingar som blir leverte Patentstyret frå og med 1. juli 2019.

Patenthavaren kan krevje at patentkrava og eventuelt forklaringa, blir endra slik at patentvernet blir avgrensa. Eit kunngjort patent kan avgrensast av innehavaren etter utløpet av motsegnsperioden.

ved administrativ avgrensing kan det, i motsetning til ved domstolsbehandling, gjerast endringar i forklaringa i tillegg til i patentkrava. Det er mogleg å framsetje krav om avgrensing etter at patentet er opphøyrt, fordi ei avgrensing blir gitt verknad frå søknaden sin leveringsdag. EP-patent som er validert i Noreg kan også avgrensast.

Kva undersøkjer Patentstyret?

Patentstyret undersøkjer om dei endra patentkrava er klare, tydelege og har støtte i forklaringa. Vidare om patentet i si endra form omfattar noko som ikkje kom fram frå søknaden då den vart levert, eller inneber ei utviding av omfanget på patentvernet.

I motsetnad til før 1. juli 2019, er det ikkje lenger mogleg å endre patentforklaringa på sjølvstendig grunnlag. Forklaringa kan kun endrast samanmed ei samtidig endring av patentkrava.

Frist for levering

Det er ikkje nokon frist for å sende inn krav om administrativ avgrensing. Du må vente med å levere kravet til motsegnsfristen er gått ut (ni månader etter datoen patentet vart kunngjort), og eventuelle motsegnssaker er endeleg avgjorde. Du kan ikkje be om avgrensing før eventuelle søksmål er avgjorde, men du kan be om avgrensing etter at ugyldigheitssak er reist for domstolen. Dersom du ønskjer å avgrense patentet før motsegnsfristen er utgått, kan du levere ei motsegn mot ditt eige patent.

Pris

Patentstyret vil sende ein faktura som må betalast for at kravet om avgrensing skal bli behandla.
Sjå prislista.

Kvifor levere eit krav om administrativ avgrensing?

I visse høve har innehavaren av eit patent behov for å kunne avgrense eit for breitt patentvern. Dette behovet kan til dømes oppstå i samband med ei ugyldigheitssak. Då er det mogleg for innehavaren av eit patent å sende inn eit krav om administrativ avgrensing. Det er ikkje eit vilkår for avgrensinga at patentet i si kunngjorde form er ugyldig.

Korleis skrive eit krav om administrativ avgrensing?

Eit krav om administrativ avgrensing skal leverast til Patentstyret. Det er nokre formelle vilkår til kva eit krav om avgrensing skal innehalde og korleis det skal utformast:

  1. Det skal vere skriftleg.
  2. Det skal vere på norsk, dansk eller svensk; eventuelt kan det vere på engelsk viss patentet som avgrensinga gjeld er på engelsk.
  3. Kravet om avgrensing skal vere signert av den som krev avgrensing eller vedkommande sin fullmektig.

Kravet om avgrensing skal innehalde:

  1. Namn og adresse til innehavaren av patentet, og namn og adresse til fullmektig viss det brukast.
  2. Nummeret på patentet kravet gjeld.
  3. Forklaring på avgrensinga som blir kravd.
  4. Viss forklaringa ønskast endra, ein reinskriven versjon av den nye forklaringa.
  5. Viss patentkrava ønskast endra, det nye kravsettet.
  6. Viss patentet er kunngjort på engelsk, ei omsetjing av det nye kravsettet til norsk.
  7. Fullmakt ved bruk av fullmektig, med mindre fullmektigen er advokat eller advokatfullmektig og representerer deg personleg.

Det er berre innehavaren av patentet som kan be om patentavgrensing. Krav framsett av andre enn innehavaren vil bli avvist.

Behandling av eit krav om avgrensing

Viss du sender inn eit krav om avgrensing som ikkje oppfyller dei formelle vilkåra, sender Patentstyret brev med ein frist for å rette manglane. Viss du ikkje retter manglane innan fristen, vil vi avvise kravet. Dersom det ikkje blir levert fullmakt, vil all vidare kommunikasjon skje direkte med deg.

Når dei formelle vilkåra i avgrensinga er oppfylde, sender vi eit brev kor vi stadfester at vi har motteke kravet om avgrensing.

Patentstyret prøver å få til ei så kort behandlingstid som mogleg for krav om avgrensing. Dette betyr at behandlinga av eit krav gjerast utan unødig opphald etter avslutta formaliakontroll.

Under behandlinga av ei administrativ avgrensing er kommunikasjonen som hovudregel på norsk. Men viss patentet er meddelt på engelsk og kravet om avgrensing er skrive på engelsk, skal kommunikasjonen vere på engelsk. Dersom kravet om avgrensing er skrive på norsk, kan saksbehandlar velje å skrive på engelsk viss søkjar ber om det. Viss patentet er kunngjort på norsk, men kravet om avgrensing skrivast på engelsk, kan Patentstyret krevje at kravet om avgrensing blir omsett til norsk.

For krav om patentavgrensing som blir levert til Patentstyret etter 1. juli 2019, vurderer vi ikkje lenger om vilkåra i patentlova §§ 1 og 2 er oppfylde for det avgrensa patentet. Vi vurderer heller ikkje om forklaringa er tilstrekkeleg tydeleg til at oppfinninga kan utøvast av ein fagperson.

 

Moglege utfall ved behandlinga av eit krav om avgrensing

Kravet om avgrensninga blir avslått, slik at det meddelte patentet blir oppretthalde i uendra form. Kravet om avgrensinga blir godteke,  patentet avgrensast i samsvar med det innehavaren ba om.

Klage

Viss kravet om avgrensing blir avslått, kan innehavaren av patentet klage til Klagenemnda for industrielle rettar. Klagen må leverast innan ein (1) månad frå den dagen avgjerda blei sendt. For å få klagen behandla må du betale eit klagegebyr.

Relevant regelverk

(lenkjer går til Lovdata)

Andre klageordningar for patent

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: