Klage til Domstolen

Avgjerder fatta av Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) kan berre bringast inn for domstolane av ein søkjar, ein innehavar av eit patent eller ein innsigar som har fått ei avgjerd imot seg.

Hovudregelen er at søksmål må vere reist innan to (2) månader, rekna frå den dagen avgjerda blei sendt frå KFIR. KFIR skal informere Patentstyret om ei avgjerd er anka inn for domstolen innan tre (3) månader. Viss avgjerda ikkje blir anka,  vil Patentstyret sin database bli oppdatert etter utløpet av fristen, og avgjerda kunngjerast i Norsk patenttidende.

Ei avgjerd frå Patentstyret kor kravet om administrativ overprøving blir avvist eller avslått kan ikkje bringast inn for domstolane.

Søksmål til domstolane grunngitt i at patent er meddelt til ein annan enn den som etter patentlova § 1 er berettiga til patentet, må reisast innan ett (1) år frå du får kjennskap til at patentet er meddelt.

Meir informasjon på nettsidene til KFIR www.kfir.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: