Klage til Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR)
Klagar skal leverast til Patentstyret som vidareformidler dei til KFIR. Dette gjeld ikkje klagar på meddelt patent, da må du levere motsegn (innan ni (9) månader etter meddeling av eit patent) eller krav om administrativ overprøving (seinere enn ni (9) månader etter meddeling av eit patent).
Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) er eit uavhengig, domstolsliknande organ som etter klage overprøver Patentstyret sine avgjerder innanfor patent-, varemerke-, og designrettar. KFIR prøver saker som krev særskilte sakkunnskapar. KFIR består derfor av juridisk utdanna leiar og nestleiar som begge oppfyller krava til dommarar, samt av juridisk- og teknisk fagkyndige nemndsmedlemar, sistnemnde innan hovudområda kjemi, elektroteknikk, bygningsteknikk og maskinteknikk. KFIR arbeider kontinuerleg for at vedtaka held eit høgt fagleg nivå, og dei følgjer den internasjonale utviklinga gjennom EPO og OHIM, samt EU-domstolen (ECJ).
Kven kan klage?
Klagar til KFIR kan fremjast av den eller dei personane som ei avgjerd i Patentstyret heilt eller delvis er gått imot. Ein klage kan leverast gjennom ein tredjemann (profesjonell representant eller fullmektig).
Klagar leverast til Patentstyret
Patentstyret mottek klagar og oversender dei til KFIR.
Frist for levering
Fristen for å sende inn ein klage til KFIR reknast frå den dagen avgjerda blei sendt frå Patentstyret, og er normalt to (2) månader. Frist for levering av ein klage er i utgangspunktet absolutt, og klagen må vere motteke hos Patentstyret seinast innan klagefristen. Ein klage som blir levert for seint vil ikkje bli behandla.
Pris
Viss klagen blir motteke innan klagefristen, vil du få ein faktura for klagegebyr frå Patentstyret. Viss du ikkje betalar fakturaen, vil klagen bli rekna som ikkje motteke, da vil klagen ikkje bli behandla.
Når kan du klage?
Du kan klage på avgjerda i motsegn, krav om administrativ overprøving og patentbegrensing. Du kan også klage på det følgjande:
- Avslag på ein patentsøknad.
- Endeleg henlegging av ein søknad på grunn av manglande betaling av årsavgifta.
- Avgjerd om at patentsøknaden omfattar to eller fleire uavhengige oppfinningar (ueinsartigheit).
- Avslag på krav om gjenopptaking.
- Avslag på krav om å ta ei sak opp til behandling til tross for fristoversitting.
- Avslag på validering av eit EP-patent.
- Vedtak om overføring av eit patent til ein annan.
- Avslag på krav om supplerande vernesertifikat (SPC).
- Avslag på krav om endring av supplarende vernesertifikat (SPC) si gyldigheitsperiode.
- Avslag på krav om hemmeleghald av dokument.
- Avslag på krav om utlevering av prøve av biologisk materiale.
- Internasjonal søknad som blir rekna som trukke på grunn av manglande levering av omsetjing.
- Tilkjenning av sakskostnadar ved krav om administrativ overprøving.
Korleis skrive ein klage til KFIR?
Det er nokre formelle vilkår når det gjeld kva ein klage skal innehalde og korleis den skal utformast. Les meir om dette på nettsidene til KFIR.
Behandling av klage
KFIR sjekkar at dei formelle vilkåra er fulgt og oversender deretter klagen til klagemotparten.
KFIR foretar ei ny vurdering av saka slik den blir lagt fram for KFIR, og tidlegare sakskorrespondanse vil ikkje automatisk bli innhenta frå Patentstyret. Utvalet som skal fatte vedtak i saka kan likevel av eige initiativ krevje innsyn i tidlegare sakskorrespondanse hos Patentstyret utan å opplyse klagar om dette. Dei kan også ta omyn til nye forhold som ikkje var gjenstand for prøving da Patentstyret fatta vedtaket sitt.
Klage
Avgjerda i Klaganemnda for industrielle rettar (KFIR) kan ankast inn for domstolane.