Protest - patent

Ein protest er ei innvending frå ein tredjeperson. Den som leverer ein protest blir ikkje part i saka. Vi kan dele protest i to, dei som leverast før ein søknad er meddelt, og dei som leverast etter meddeling.

Protest før meddeling

Du kan levere ein protest mot ein søknad under behandling heilt fram til behandlinga av søknaden er avslutta og patent er meddelt. Viss ein protest blir levert mens ein søknad om patent er under behandling, skal Patentstyret ta omsyn til han.

Ein protest skal vere underbygd, og det som er beskreve i protesten vil bli tatt med i vurderinga av søknaden før ei eventuell meddeling. Søkjaren vil få beskjed om at det er motteke ein protest. Den som har sendt inn ein protest blir ikkje ein part i saka, det blir berre sendt eit generelt brev kor vi bekrefter at protesten er motteke og samtidig opplyser om moglegheita til å levere motsegn viss patentet blir meddelt.

Viss protesten leverast for seint, det vil seie etter at eit patent er meddelt, vil vi sende eit brev kor vi opplyser om moglegheita for å levere ei motsegn.

Protest etter meddeling

Det er mogleg å levere ein protest under behandlinga av ei motsegn, administrativ overprøving eller administrativ avgrensing.

Viss du leverer inn ein protest under behandlinga skal Patentstyret ta omsyn til han under behandling av saka. Den som har sendt inn ein protest blir ikkje part i saka, det blir kun sendt eit generelt brev kor vi bekrefter at protesten er motteke. Protesten blir sendt til partane i den aktuelle saka.

Viss protesten har blitt levert i ei sak som er under behandling for administrativ overprøving eller administrativ avgrensing, får innehavaren av patentet høve til å uttale seg.

Viss ein protest kjem inn etter at ei sak er ferdigbehandla, vil han ikkje bli vurdert. Protesten blir likevel vanlegvis sendt til partane til informasjon.

Andre klageordningar for patent

Varsling

Dersom du har næringsinteresser i Noreg, kan det vere lurt å halde deg oppdatert på fagområde som er relevante for deg, og på kva konkurrentane dine gjer. 

Det er enkelt å setje opp eit varsel for å overvake andre sine aktivitetar innanfor patentering, varemerke og design. Du kan også bruke det for å følgje di eiga sak og interesser.
Les meir om varsling og korleis du kan setje opp eit varsel

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: