Sakskostnader patent

Patentstyret har fått høve til å tilkjenne ein part i eit krav om administrativ overprøving sakskostnadar frå den andre parten.

Ein part som heilt eller i det vesentlege har fått medhald kan tilkjennast nødvendige sakskostnader frå motparten. Dette er en kan-regel, slik at parten som fullt ut eller i det vesentlege har fått medhald ikkje automatisk har krav på dekking av sakskostnader.

Om sakskostnader skal tilkjennast avgjerast etter ei vurdering kor det blant anna blir lagt vekt på om det var god grunn til å få saka prøvd fordi ho var tvilsam, og om det er rimeleg ut frå typen sak og forhold hos motparten å påleggje kostnadsansvar.

Det er berre nødvendige kostnader som eventuelt kan tilkjennast, det vil seie kostnader som framstår som rimeleg for å vareta parten sine interesser i saka.

Krav om dekking av sakskostnader må framsettast før saka er avgjort. Patentstyret skal avgjere spørsmålet om sakskostnader samtidig med sjølve kravet om overprøving.

Sakskostnadsoppgåva må oppgi detaljert kva kostnader som er påløpt, også kor mange timar og timepris som blir lagd til grunn.

Ved bruk av advokat/fullmektigtenester skal merverdiavgifta takast med. For registrerte næringsdrivande og privatpersonar som representerer seg sjølv, kan denne avgifta ikkje bli krevd dekka.

Døme på utforming av sakskostnadsoppgåva:

Spesifikasjon Tidsbruk og timepris Kostnad Mva
Rådgiving og kontakt med klient X timar, timesats kr    

 

Døme på moglege kostnader, lista er ikkje uttømmande:

  • rådgiving og kontakt med klienten
  • utarbeiding av krav og tilsvar
  • kostnader til nødvendig omsetjing
  • kostnader til sakkyndig fråsegn
  • gebyr og avgift til Patentstyret knytta til den administrative overprøvinga

Det er viktig å påpeke at det kun er «nødvendige» kostnader som kan krevjast frå motparten. I denne vurderinga vil det bli lagt vekt på at ordninga med administrativ overprøving er meint å vere eit enkelt og billig alternativ til domstolsbehandling. Dette medfører større krav til effektivitet og rimelegheit. Ein går derfor ut frå at kostnadskrava vil liggje betrakteleg lavare enn ved domstolsbehandling. Det er opp til innsendar av kravet å vurdere om kostnadsoppgåva treng forklaring eller utdyping.

Klage

Avgjerda om tilkjenning av sakskostnader kan klagast inn til Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR).

Informasjon om administrativ overprøving

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: