Klageordningar varemerke
Oversikt over klagealternativ
- Protest
- Motsegn
- Administrativ overprøving
- Klage på Patentstyret sine avgjerder
- Klage til domstolane
- Administrativ overføring
- Regelverk
Protest
Ein protest er ei klage som kjem inn til Patentstyret frå ein tredjepart under søknadsbehandlinga. Ei motsegn er ei klage som kjem inn etter at merket er registrert. Den som leverer ein protest blir ikkje formell part i saka, men ved innsending av motsegn blir ein part i saka.
Ein protest er ei innvending mot registrering av eit varemerke. Du har for eksempel oppdaga at nokon søkjer om eit varemerke som du meiner er eit skildrande ord som bør haldast fritt for alle, eller nokon søkjar om eit varemerke som du meiner ligg for tett opptil ditt eige registrerte eller innarbeidde merke.
Når og korleis kan du levere inn ein protest?
Du kan levere ein protest mot ein søknad heilt fram til behandlinga av varemerkesøknaden er avslutta. Dersom protesten blir levert etter at varemerket er registrert, vil vi behandle protesten som ei motsegn mot registreringa. Sjå nedanfor om dette.
Protesten må leverast skriftleg og vere velgrunna. Patentstyret vil vurdere protesten og avgjere om den får innverknad på behandlinga av søknaden eller ikkje.
Søkjaren vil få melding om at det er kome inn ein protest. Den som har sendt inn ein protest, vil få eit brev om at protesten er motteken.
Dersom merket blir nekta registrert, gir ikkje Patentstyret melding om dette til den som protesterte mot varemerkesøknaden. Dersom merket blir registrert, gir Patentstyret melding om dette til den som protesterte, med informasjon om moglegheita for å sende inn motsegn. Sjå meir om motsegn nedanfor.
Motsegn
Alle som meiner at eit varemerke er registrert på feilaktig grunnlag, kan levere inn motsegn. Motsegna må leverast skriftleg til Patentstyret.
Klagefrist
Motsegna må vere kome inn til Patentstyret innan tre månader frå den dagen registreringa blei kunngjort. Motsegna kan føre til at registreringa blir heilt eller delvis oppheva.
Dette kan du klage på:
At eit søkt eller registrert varemerke er:
- forvekselbart med andre rettar (§16 første ledd)
- manglar særpreg (§ 14)
- søknaden er levert inn i ond tru (§ 15 bokstav f)
- strir mot lov, offentleg orden eller moral (§ 15a)
- er eigna til å villeie (§ 15b)
- inneheld vapen eller anna teikn/flagg utan løyve frå rett myndigheit (§ 15c)
- inneheld eit geografisk opphav for vin eller brennevin (§ 15 andre ledd)
- varemerket har feil innehavar (§ 21 og § 28)
- for fleire grunnlag sjå §§ 14 til 16
Korleis skriv du ei motsegn?
Du må levere kravet skriftleg til Patentstyret. Kravet skal innehalde:
- namn og adresse til den som er innsigar, og namn og adresse til fullmektig viss du brukar dette
- varemerket sitt registreringsnummer
- kva for grunnar klagen byggjer på
- opplysning om kva for varer og tenester motsegna gjeld, alternativt kva for varer og tenester motsegna ikkje gjeld, dersom registreringa berre blir kravd delvis oppheva.
- nødvendig dokumentasjon til støtte for klagen
- fullmakt ved bruk av fullmektig, viss fullmektigen ikkje er advokat eller advokatfullmektig
NB: Vær merksam på språkkrav: kravet må leverast på anten norsk, dansk eller svensk. Det kan ikkje leverast på andre språk, som for eksempel engelsk (varemerkeforskriften § 53).
Korleis behandlar Patentstyret ei motsegn?
Viss motsegnet du sender inn ikkje oppfyller dei formelle vilkåra, gir vi deg ein frist for å rette manglane. Vi avviser motsegnet viss du ikkje retter manglane innan fristen.
Når dei formelle vilkåra i motsegnet er oppfylte, oversender vi det til innehavaren av varemerkeregistreringa med éin månads frist for å uttale seg.
Når innehavaren av registreringa har svart, vil vi vurdere om det er nødvendig med ytterlegare utsegner frå partene. Begge partar kan be om fristforlenging dersom dei treng lenger tid til å svare på argumentasjonen til den andre part. Når Patentstyret vurderer saka som tilstrekkeleg opplyst (vanlegvis etter at begge partar har uttalt seg to gonger), skriv saksbehandlaren ei avgjerd.
Sjå saksbehandlingstiden.
Meir detaljert beskrivelse av prosessen
Når klagen om varemerket skal avgjerast, blir det gjort ei ny og uavhengig vurdering av ein annan saksbehandlar enn den som var saksbehandlar da varemerket blei registrert.
Moglege utfall av klagesaka
- Varemerket blir kjent heilt ugyldig (opphevast) eller delvis ugyldig (oppretthaldast med begrensa vareliste)
- Klagen blir avslått, slik at varemerkeregistreringa oppretthaldast uendra
- Varemerket blir overført til rette innehavar. Les meir om overføring
Kor mykje kostar det?
Det er gratis å sende inn motsegn. Patentstyret tar ikkje betalt for saksbehandlinga av motsegnssaker.
Administrativ overprøving
Etter at motsegnsfristen har gått ut, kan du ikkje lenger kome med motsegn, men du kan fortsatt klage ved å sende inn eit skriftleg krav om administrativ overprøving av varemerkeregistreringa.
Du kan klage på punktene under «Motsegn» og i tillegg også at eit merke:
- er ugyldig (§ 35)
- har degenerert (§ 36)
- ikkje har blitt brukt etter reglane om bruksplikt (§ 37)
Ordninga med administrativ overprøving er eit raskt, enkelt og billig alternativ til søksmål for domstolane. Den gjeld både for nasjonale og internasjonale varemerkeregistreringar som er gyldige i Noreg.
Klagefrist
Krav om administrativ overprøving kan leverast inn når motsegnsfristen er gått ut (tre månader etter kunngjeringa av registreringa), og etter at eventuelle motsegnssaker er endeleg avgjort. Du kan ikkje krevje overprøving så lenge eit søksmål ved domstolane ikkje er rettskraftig avgjort. Ein part som tidlegare har anlagt sak for domstolane om gyldigheit eller sletting av varemerke, kan ikkje framsetje krav om administrativ overprøving viss reglane om rettskraft hindrar dette. Krav kan framsetjast av einhvar med rettsleg interesse.
Korleis skriv du eit krav om administrativ overprøving?
Her gjeld dei same reglane som for motsegn. Sjå desse reglane høgare opp på denne sida.
NB: Vær merksam på språkkrav: kravet må leverast på anten norsk, dansk eller svensk. Det kan ikkje leverast på andre språk, som for eksempel engelsk (varemerkeforskriften § 53).
Korleis behandlar Patentstyret eit krav om administrativ overprøving?
Saksbehandlinga skal ha god framdrift og saka skal normalt takast opp til avgjerd etter at vi har motteke ei utsegn frå innehavaren av varemerket.
Meir detaljert beskrivelse av prosessen
Vi har følgjande fristar:
- Innehavaren av varemerket får ein frist på éin månad til å kome med ei utsegn.
- Viss vi meiner at det er nødvendig med ytterlegare utsegn i saka, får partane ein svarfrist på 14 dagar. Dersom innehavar svarer med krav om at kravstillar må dokumentere reell bruk, får kravstillar ein svarfrist på ein månad.
- Vi gir som hovudregel ikkje fristforlenging med mindre det foreligg ein rimeleg grunn eller samtykke frå motparten. Viss det foreligg rimeleg grunn, gir vi ei fristforlenging på 14 dagar. Det må framgå av samtykket kor lang frist partene ønskjer. Det er tilstrekkeleg at eit samtykke sendast til Patentstyret i form av ein e-post.
- Viss det er manglar ved kravet, får kravstillaren ein frist på 14 dagar på å rette mangelen.
- I samband med fellesferiar eller i periodar med helligdagar, innvilger vi lengre fristar (fire til seks veker).
- Viss det ikkje foreligg rimeleg grunn til fristforlenging eller samtykke ikkje er innhenta, vil saka bli tatt opp til avgjerd på bakgrunn av den informasjonen vi har.
- Vi tar normalt ei avgjerd innan to til tre månader.
Kor mykje kostar det?
Når Patentstyret mottek ein klage (eit krav om administrativ overprøving), sender vi ut ein faktura til den som har sendt inn klagen (sjå prisliste). Du må betale eit gebyr før vi behandlar saka.
Døme på avgjerder
Her finn du døme på avgjerder frå Patentstyret i klagesaker om varemerkeregistreringar
Klage på Patentstyret sine avgjerder
Du kan klage på Patentstyret sine avgjerder både i nasjonale og internasjonale saker. Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) behandlar klagen. Klagen sender du til Patentstyret, som vidaresender den til KFIR.
Du kan klage i desse situasjonane:
- Du er ueinig i ei nekting frå Patentstyret av ein nasjonal eller internasjonal søknad.
- Du har ikkje fått medhald i motsegn
- Du har ikkje fått medhald i administrativ overprøving
- Du er ueinig i Patentstyret si avgjerd om å slette eller oppheve ei registrering
- Du er ueinig i beslutninga: Patentstyret har beslutta å oppheve ei registrering av eige tiltak på grunn av innlysande feil eller prioritetskonflikt.
- Du er ueinig i avslaget eller avvisinga: Patentstyret har avvist eller avslått ei sak om gjenopptaking, unntak frå offentlegheit, innsyn i dokument, fornying av ei varemerkeregistrering, endring av eit varemerke eller det at ei sak likevel skal takast under behandling trass i fristoversitting.
NB: Vær merksam på språkkrav: kravet må leverast på anten norsk, dansk eller svensk. Det kan ikkje leverast på andre språk, som for eksempel engelsk (varemerkeforskriften § 53).
Klagefristen
Klagefristen er to månader frå den dagen Patentstyret sende avgjerda til deg. Klagen sender du til Patentstyret. Viss det er klart at klagen vil føre fram, har Patentstyret moglegheit til å oppheve eller endre avgjerda si. I motsatt fall sender vi klagen vidare til Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR).
Meir informasjon på nettsidene til Klagenemnda for industrielle rettar: www.kfir.no
Kva kan du klage på til Domstolane?
Avgjerder frå KFIR kan du klage vidare inn for Oslo Tingrett. Viss du har fremja eit krav om administrativ overprøving, kan du ikkje reise søksmål om ugyldigheit eller overføring mens saka pågår for Patentstyret.
Avgjerder fatta av KFIR kan berre bringjast inn for domstolane av søkjar eller rettshavar eller innsigar som har fått ei avgjerd imot seg. Hovudregelen er at søksmål må vere reist innan to månader rekna frå den dagen avgjerda blei sendt frå KFIR. Viss ei avgjerd er anka inn for domstolen, skal KFIR informere Patentstyret om dette slik at Patentstyret sin database kan oppdaterast, og avgjerda skal kunngjerast i Norsk varemerketidende.
Meir informasjon på nettsidene til Klagenemnda for industrielle rettar: www.kfir.no
Administrativ overføring
Den som godtgjer å ha retten til eit varemerke i ein søknad som er innlevert av ein annan, kan krevje at Patentstyret overfører søknaden til seg. Sjå varemerkelova § 21 (se også § 28 som gjeld under motsegnsbehandling). Dette gjeld altså berre søknader, og ikkje registreringar. Dersom merket er registrert, gjeld motsegnsfristen på 3 månader frå kunngjeringsdato, jf. § 26 og § 28.
Regelverk
Varemerkeloven (lenke til Lovdata)
Varemerkeforskriften (lenke til Lovdata)
Andre klageordningar: Andre klageordningar: patent, design, føretaksnamn, plantesortsnemnda