Administrativ overprøving av varemerkeregistreringar
Kva er administrativ overprøving av ei varemerkeregistrering?
Administrativ overprøving av ei varemerkeregistrering er ei klageordning for den som meiner at:
- ei varemerkeregistrering er ugyldig (§ 35)
- det finnst etterfølgjande forhold som gjer at varemerkeregistreringa skal slettast (§ 36)
- varemerkeregistreringa ikkje er teken i reell bruk (§ 37)
Du kan også levere krav om administrativ overprøving mot ei internasjonal varemerkeregistrering som er gitt verknad i Noreg.
Den som leverer inn krav om administrativ overprøving, blir kalla kravstillar.
Kven kan levere inn krav om administrativ overprøving?
Den som leverer inn krav om administrativ overprøving, må ha rettsleg interesse i saka. Dette følgjer av varemerkelova § 39. Det juridiske uttrykk rettsleg interesse skal tolkast i samsvar med tvistelova § 1-3, jf. Ot.prp. nr. 98 (2008–2009) s. 69.
Når kan du fremje krav om administrativ overprøving?
Krav om administrativ overprøving av ei varemerkeregistrering, kan tidlegast bli fremja når motsegnsfristen er gått ut. Motsegnsfristen har gått ut når det har gått tre månader frå kunngjeringsdatoen til registreringa.
Dersom det har blitt levert inn motsegn mot varemerkeregistreringa, kan administrativ overprøving fyrst krevjast når alle motsegnssakene er endeleg avgjorde, sjå varemerkelova § 40.
Kva kostar administrativ overprøving av eit varemerke?
Den som leverer inn krav om administrativ overprøving må betale eit klagegebyr, sjå betalingsforskrifta § 19. Sjå prislista.
Når saka er klar til å bli opp teke til vedtak, vil partane få ein frist til å levere inn krav om sakskostnader. Den som taper saka kan også bli ansvarleg for sakskostnadene til den vinnande parten, sjå patentstyrelova § 9, og informasjon om sakskostnader.
Kva må eit krav om administrativ overprøving innehalde?
Eit krav om administrativ overprøving må innehalde:
- Namnet og adressa til kravstillaren
- kva registrering krava gjeld
- kva grunnar kravet byggjer på
- nødvendig dokumentasjon av forhold som kravet stør seg på
Dersom det i varemerkeregisteret er registrert lisens- eller panthavarar, så må kravstillar gi melding om dette i rekommandert brev til desse.
Dei formelle krava følgjer av varemerkelova § 40.
Korleis er saksgangen ved behandlinga av krav om administrativ overprøving?
Når dei formelle krava er oppfylte, vil vi sende kravet til innehavar eller fullmektigen til innehavaren. Innehavar er rettshavar til den registreringa som det er levert inn krav om administrativ overprøving mot.
Vi vil gi innehavar ein frist til å uttale seg om saka.
Patentstyret kan også gi fristforlenging i saka, dersom partane (kravstillar og innehavar) er einige om det og leverer inn eit felles krav. Dette er for eksempel relevant i dei tilfella kor partane har innleitt forhandlingar om ei minneleg løysing.
Partane kan kome til semje og avslutte saka før Patentstyret har behandla den ferdig.
Kva høve har innehavar til å imøtegå krav om administrativ overprøving?
Innehavar kan imøtegå kravet ved å svare på dei grunnane som protesten byggjer på, sjå varemerkelova § 40 tredje ledd.
Innehavar har også følgjande moglegheiter:
Gjere passivitetsreglane i varemerkelova § 8 gjeldande.
Dette er for eksempel relevant dersom kravstillar har kjent til og funne seg i at det registrerte merket har vore brukt i Noreg i fem samanhengande år etter registreringsdagen, og innehavaren har vore i god tru då søknaden blei innlevert.
Gjere gjeldande at kravstillar sitt innarbeidde kjenneteikn berre er lokalt innarbeidd
Varemerkelova § 35 andre ledd fastsetat ei registrering ikkje skal settast til side som ugyldig, viss bruk av merket krenkjer retten til eit lokalt innarbeidd varemerke. Les meir om lokal innarbeiding.
Gjere gjeldande at havarens varemerke hadde oppnådd særpreg gjennom bruk innan kravet om ugyldigheit blei levert
Viss kravstillar hevdar at innehavaren sitt varemerke ikkje har særpreg etter varemerkelova § 14, kan havaren svare med at varemerket har oppnådd særpreg gjennom bruk innan den dagen då kravet om ugyldigheit blei fremja.

Viss kravstiller underbyggjer påstanden sin med at innehavar sitt merke manglar særpreg, så er det opp til innehavaren å godgjere at merket har oppnådd særpreg gjennom bruk, sjå varemerkelova § 35 annet ledd.
Gjere gjeldande at kravstillar sitt registrerte kjenneteikn ikkje er teke i reell bruk
Viss kravet er begrunnet med at varemerket er registrert i strid med kravstillar sitt eldre varemerke eller eldre føretaksnamn, kan innehavaren krevje at kravstillar dokumenterer at den eldre retten er teke i reell bruk, sjå varemerkelova § 35 a. Det er i denne forbindelsen viktig å vere merksam på at kravstillar då kan måtte dokumentere bruk for to periodar:
- femårsperioden føre datoen då kravet om ugyldigheit blei levert inn
- femårsperioden føre søknadsdagen eller prioritetsdagen for innehavaren, alternativt femårsperioden føre den internasjonale registreringsdatoen/prioritetsdatoen/etterfølgjande utpeikingsdato.
Det kan altså vere snakk om to brukspliktperiodar. Les meir om bruksplikt.
Kravstillar må berre dokumentere reell bruk viss det har gått minst fem år frå endeleg avgjerd om å registrere kravstillar sitt kjenneteikn frå då kravet blei levert inn, eventuelt på søknadsdagen eller prioritetsdagen til havaren sitt merke. Der havaren sitt merke er ei internasjonal registrering, vil det vere internasjonal registreringsdato, prioritetsdato eller etterfølgjande utpeikingsdato som er avgjerande.

Det er kravstillar som har bevisbyrda for at kjenneteiknet som kravet byggjer på, er teke i reell bruk. Dette betyr at den som har levert inn krav om administrativ overprøving til Patentstyret, må bevise at kjenneteiknet er teke i reell bruk.
Viss kravstillar ikkje dokumenterer at kjenneteiknet er teke i reell bruk eller kan vise til at det var rimeleg grunn for manglande bruk, så vil ikkje kravstillar sitt eldre kjenneteikn kunne føre til at havaren si registrering kan opphevast. I eit slikt tilfelle vil kravet bli avslått og registrereringane må bli ståande ved sidan av kvarandre, sjå varemerkelova § 8.
Viss kravstillar derimot dokumenterer reell bruk av kjenneteiknet sitt, så vil Patentstyret vurdere om havaren si registrering skal opphevast. Ei slik oppheving vil då vere grunna med at registreringa av havaren sitt kjennetikn er eit inngrep i kravstillar sin rett til eit varemerke eller føretaksnamn, eksempelvis viss kjenneteikna til partane er forvekselbare.
Gjere gjeldande at det eldre varemerket manglar særpreg eller ikkje var velkjent på det tidspunktet som innehaver sitt varemerke ble søkt registrert/fra innehavers prioritetsdato:
Innehavaren kan etter varemerkelova § 35 b svare på kravet ved å hevde at kravstillar sine kjenneteikn:
- ikkje oppfylte kravet til særpreg i varemerkelova § 14 første og andre ledd og ikkje hadde oppnådd særpreg gjennom bruk etter varemerkelova § 14 tredje ledd
- ikkje hadde oppnådd særpreg slik at det fanst risiko for forveksling
- ikkje var velkjend

Utgangspunktet for vurderinga av vilkåra som er nemnt ovanfor, vil vere søknadstidspunktet eller prioritetsdatoen for innehavaren sitt varemerke. I slike tilfelle har innehavaren bevisbyrda. Dette betyr at det er innehavaren som må bevise at kravstillar sine kjenneteikn ikkje var eit registreringshinder for innehavaren sitt varemerke på søknadstidspunktet eller tilsvarande tidspunkt for internasjonale registreringar. Viss dette fører fram, så vil kravet bli avslått og registreringane blir ståande ved sida av kvarandre, sjå varemerkelova § 8.
Havaren kan heilt eller delvis slette registreringa si
Innehavaren kan frivillig be Patentstyret om heilt eller delvis å slette registreringa si, sjå varemerkelova § 46. Viss slik sletting gjer overprøvingssaka «gjenstandsløs», det vil seie at grunnane som kravet gjeld fell bort ved heil eller delvis sletting av registreringa, så vil overprøvingssaka avsluttast. Viss innehavaren sitt merke er ei internasjonal registrering, må den slettast gjennom WIPO.
Kva må innehavar svare på/dokumentere?
Den som er innehavar av registeringa som det blir retta krav mot, kan imøtegå kravet ved å:
- svare på grunnlaga som kravstillar har gjort gjeldande
- krevje dokumentasjon for reell bruk (§ 35 a) eller gjere gjeldande at det eldre varemerket mangla særpreg/ikkje hadde oppnått slikt særpreg at den var risiko for forveksling/ikkje var velkjent då varemerket blei registrert/hadde prioritet (§ 35 b)
- gjere gjeldande at det finnst passivitet etter § 8
- gjere gjeldande at merket berre er lokalt innarbeidt, sjå § 40 anna ledd
Det er viktig å vere oppmerksamt på at dersom innehavar berre krev dokumentasjon for reell bruk, og dette blir dokumentert så vil grunnlaga som kravstillar elles har gjort gjeldande i saka stå uimotsagt. Innehavar bør derfor svare på alle påstandane frå kravstillar.
Kva må kravstillar svare på/dokumentere?
Dersom innehavar svarer på kravet ved å hevde at kravstillar sin registrerte kjenneteikn ikkje er teke i reell bruk, eller nemner eitt av grunnlaga i § 35 b, så må kravstillar imøtegå desse og dokumentere grunnlaga.
Meir informasjon om bruk av dokumentasjon.
Vil Patentstyret etterspørje dokumentasjon?
Patentstyret kjem ikkje til å etterspørje dokumentasjon som skal underbyggje grunnlaga. Vi vil heller ikkje gi råd om kor mykje som skal til for å vurdere grunnlaga som dokumenterte. Treng du meir individuelle og taktiske råd, tilrår vi å bruke eit patentkontor, IPR-rådgivar eller ein annan privat aktør som er ekspert på området. Sjå oversikta på www.iprhjelp.no.
Dersom kravstillar svarer og leverer inn dokumentasjon i saka, vil Patentstyret vurdere om innehavar bør få ein frist til å kommentere dokumentasjonen til kravstillaren.
Når vil Patentstyret fatte ei avgjerd?
Når partane har fått høve til å uttale seg om saka, og ytterlegare skriftveksling ikkje er nødvendig, så vil saka takast opp til avgjerd. Partane vil då får ein frist til å levere inn krav om sakskostnader. Patentstyret vil behandle alle grunnlaga i avgjerda.
Kan du klage på Patentstyrets avgjerd?
Avgjerda til patentstyret vil kunne klagast til Klagenemnda for industrielle rettar. Les meir om klageordninga.
For meir informasjon:
- For informasjon om fristar: Svarfristar varemerke og fellesmerke
- For informasjon om brukspliktperioden: Bruksplikt - femårsfristen
- For informasjon om bruk av dokumentasjon: Regelverk for dokumentasjonskrav
- For informasjon om betaling av avgifter og gebyr: prisar varemerke