Sakskostnader
Ordninga gjeld berre administrativ overprøving etter varemerkelova og patentlova. For administrativ overprøving etter designlova og føretaksnamnelova kan det berre tilkjennast sakskostnader i klagesaka for Klagenemnda.
I følge patentstyrelova kan ein part som heilt eller i det vesentlege har fått medhald, tilkjennast nødvendige sakskostnader frå motparten. Dette er ein kan-regel, slik at parten som fullt ut eller i det vestentlege har fått medhald ikkje automatisk har krav på å få dekt sakskostnader. Om sakskostnader skal tilkjennast, blir avgjort etter ei vurdering kor det blant anna blir lagt vekt på om det var ein god grunn til å få saka prøvd fordi ho var tvilsam, og om det er rimeleg ut få typen sak og forhold hos motprten å påleggje kostnadsansvar.
Det er berre nødvendige kostnader som eventuelt kan tilkjennast, det vil seie kostnader som framstår som rimelege for å vareta parten sine interesser i saka. Ved fastsetjing av kostnadsansvaret må Patentstyret og Klagenemnda tenkje på at administrativ overprøving skal vere eit enkelt og rimeleg alternativ til domstolsbehandling.
Du må krevje dekking av sakskostnader før saka blir avgjord, fordi Patentstyret må avgjere spørsmålet om sakskostnader samtidig med realiteta i saka. Mot slutten av saksbehandlinga vil vi sende eit eige brev til partane der vi gir ein frist for å sende inn krav om sakskostnader.
NB: I administrative overprøvingssaker på design- og føretaksnamneområdet er det berre Klagenemnda som kan tilkjenne sakskostnader i klagesaker. Bakgrunnen for det er at ikkje alle registreringsvilkåra på desse områda blir prøvde på førehand, og at viktige registreringsvilkår dermed først blir vurderte når det blir kravd administrativ overprøving.
Kontakt mellom partane
Vi meiner det er rimeleg at kravstillaren tek kontakt med innehavaren og ber om sletting før kravet blir levert inn til Patentstyret. Dersom kravstillaren ikkje har teke slik kontakt og ikkje kan gi noka god grunngiving for det, vil eit krav om sakskostnader kunne framstå som urimeleg. Det vil kunne føre til at sakskostnader ikkje blir tilkjende.
Kostnader til dokumentasjon knytt til manglande bruk
Patentstyret har tidlegare oppfordra kravstillarar til å dokumentere påstanden om manglande bruk. På bakgrunn av det som kjem fram under avsnittet «Bevisbyrde», vil slik dokumentasjon ikkje lenger vere nødvendig. Denne omlegginga av praksis fører til at kostnader knytte til å hente inn slik dokumentasjon (brukarundersøkingar med meir), ikkje vil bli oppfatta som ei rimeleg utgift som kan krevjast av motparten. Endringa vil omfatte alle slike kostnader som er komne til etter 1. november 2013.
Sakskostnadsoppgåva
Oppgåva må vise detaljert kva kostnader som er komne til, inkludert talet på timar og timeprisen som er lagd til grunn.
1. juli 2001 blei det innført meirverdiavgift på advokattenester. Grunnlaget for meirverdiavgifta må førast opp der den vedkommande parten ikkje er registrert som meirverdiavgiftspliktig (forbrukarar). Meirverdiavgifta representerer ei tilleggsutgift som advokaten må ta med i oppgåva for at ein skal kunne krevje å få dekt denne av motparten. Registrerte næringsdrivande som kan krevje frådrag for inngåande avgift, kan ikkje krevje å få dekt denne avgifta som sakskostnad. Avgifta representerer ikkje ei utgift og skal dermed ikkje førast opp i oppgåva. I slike saker skal kostnadene førast opp eksklusive meirverdiavgift.
For private partar som representerer seg sjølv, er det ikkje krav om meirverdiavgift, og meirverdiavgifta skal derfor ikkje førast opp.
Eksempel på utforming av oppgåva:
Spesifikasjon | Tidsforbruk og timepris | Kostnad |
Rådgiving og kontakt med klienten | 1 time, timesats kr. 1 800 | Kr 1 800 |
Arbeid knytta til mogleg forhandling om samtykke/sletting | ||
Utarbeiding av krav/tilsvar | ||
Seinare korrespondanse | ||
Osv. | ||
Meirverdiavgift (viss nødvendig) | ||
Totalt | |
Døme på presisering av moglege kostnader:
- rådgiving og kontakt med klienten
- arbeid i samband med mogleg forhandling om samtykke/sletting
- arbeid med å utarbeide krav og tilsvar
- arbeid med eventuell seinare argumentasjon
- arbeid med å leggje fram kostnadskravet
- utlegg til avgift til Patentstyret
- estimert tid til etterarbeid, inkludert mottak og rapportering av avgjerda (vurdering av om det skal leverast inn klage til Klagenemnda fell utanfor og er vurdert som ei utgift i samband med klagesaka)
- andre ...
- sum av kostnadane som er komne til
Det er viktig å påpeike at ein berre kan krevje "nødvendige" kostnader frå motparten. I denne vurderinga vil det bli lagt vekt på at ordninga med administrativ overprøving er meint å vere eit enkelt og billig alternativ til domstolsbehandling. Det inneber større krav til effektivitet og rimelegheit. Vi går derfor ut frå at kostnadskrava vil liggje betrakteleg lågare. Det er opp til den som sender inn kravet, å vurdere om kostnadsoppgåva treng forklaring eller utdjuping.
Inndriving av sakskostnader
Patentstyret har ikkje ansvar for inndriving av sakskostnader. Den parten som har fått medhald i kravet sitt om dekning av sakskostnadene sine, må sjølv ta kontakt med motparten for overføring av beløpet som er tilkjent. Dersom ein part ikkje innfrir kravet frivillig, kan sakskostnadene drivast inn ved tvang etter reglane for dommar, sjå patentstyrelova § 9 siste ledd.
Relevante føresegner
(lenkjer går til Lovdata)
- Varemerkelova kapittel 5 og §§ 72 tredje ledd og 77
- Varemerkeforskrifta §§ 27, 28, 53 og 54
- Betalingsforskrifta §§ 19 og 54
- Patentstyrelova § 9