Lenkjer til andre aktørar

Oversikt over andre offentlege og halv-offentlege aktørar og støttespillarar innan fagfeltet IPR – immaterielle rettar. Desse organisasjonane omtalast ofte som verkemiddelapparatet.

Verkemiddelapparatet består av institusjonar som forvaltar offentlege verkemiddel, støttetiltak og legg til rette for næringsutvikling, forsking og innovasjon i Noreg.

Innovasjon Noreg, Forskningsrådet, Siva, Design og arkitektur Noreg, Brønnøysundregistrene og Patentstyret er alle delar av det vi kallar verkemiddelapparatet for auka innovasjon. I tillegg kan fylkeskommunar, lokale næringsfond, kommunar og andre organisasjonar vere del av verkemidla for innovasjon.

Treng du hjelp til å finne fram blant organisasjonar i Noreg som kan bistå med praktisk støtte, råd og rettleiing i innovasjons- og etableringsprosessar? På denne sida finn du eit utval nyttige organisasjonar og lenker.

Innovasjon Noreg

www.innovasjonnorge.no
Innovasjon Noreg bidreg til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Noreg profilerer norsk næringsliv og Noreg som reisemål, og er representert i alle norske fylke. Organisasjonen er også representert i over 30 land, anten ved eige kontor eller gjennom Noreg sine ambassadar. Innovasjon Noreg har eit breitt arbeidsfelt med ei rekkje forskjellige oppgåver, initiativ, program, finansieringstiltak, arrangement og tenester, IPR-rådgjeving blant desse. Visjonen til Innovasjon Noreg er: "Gi lokale idear globale moglegheiter".
Stikkord: rådgjeving, finansiering, nettverk, arrangement, profilering.

Norsk design- og arkitektursenter

www.doga.no  
Design og arkitektur Norge (DOGA) er ein stiftelse som skal fremje kvalitet og nytenking ved bruk av design og arkitektur for utvikling av omgivnader, produkt og tenester. Deira rådgivarar viser blant anna nye moglegheiter for bruk av design, gir rettleiing i å velje rett designkompetanse og bidreg til økt forståing for kva arkitekturen betyr og kva moglegheiter han har. Dei held til i Hausmanns gate 16 i Oslo, der dei ønskjer velkomen til spanende utstillingar, debattar, konferansar og andre arrangement. Design og arkitektur Norge (tidlegare Norsk design- og arkitektursenter) blei etablert da Norsk Designråd og Norsk Form slo seg saman i mai 2014.
Stikkord: rådgjeving, finansiering, globalisering, utmerkingar.

Forskningsrådet

www.forskningsradet.no
Forskningsrådet gir forskningspolitiske råd, finansierer forskning og skapar møteplassar. Forskningsrådet arbeider for eit økonomisk og kvalitetsmessig løft i norsk FoU og for å fremje innovasjon, i samspel mellom forskningsmiljø, næringslivet og den offentlege forvaltninga. Forskningsrådet skal vere ein møteplass for forskarar og brukarar av forskning og dei som finansierer forskning, og skal medverke til internasjonalisering av norsk forskning. Dei gir økonomisk stønad gjennom bl.a. SkatteFUNN, Horisont 2020 og BIA (Brukerstyrt innovasjonsarena).
Stikkord: rådgjeving, finansiering, nettverk, arrangement, kommersialisering.

Ungt entreprenørskap

www.ue.no 
Ungt Entreprenørskap (UE) er ein ideell, landsomfattande organisasjon. Dei jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv. Organisasjonen opererer i samspill med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar. Dei inspirerer unge til å tenkje nytt og til å skape verdiar. Ungt Entreprenørskap består av eit nasjonalt sekretariat (UE Norge) og 17 fylkesorganisasjonar. Den desentraliserte organiseringa gjer at UE har nærheit til skolen, lokale myndigheiter og lokalt arbeids- og næringsliv.

Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR)

www.kfir.no 
Klagenemnda er eit uavhengig, domstolsliknande organ som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet. Den behandlar klagar på Patentstyret sine avgjerder innanfor patent-, varemerke- og designrettar. Dei behandlar også klager på avgjerder om føretaksnamn, edelmetallova og forskrift om registrering av ansvarsmerke. I tillegg behandlar og avgjer Klagenemnda klagar over enkelte avgjerder truffe av Plantesortnemnda. Nemnda si klagebehandling skal bidra til økt rettssikkerhet ved uavhengig gjennomgang av klagar. Klagarar skal oppleve klagesaksbehandlinga som effektiv, påliteleg og brukarvennleg og av høg juridisk standard.

Brønnøysundregistra

www.brreg.no 
Brønnøysundregistra har ansvar for ei rekkje nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet, som til dømes Føretaksregisteret. Nye firma registrerast i Føretaksregisteret med blant anna namnet og organisasjonsforma. Informasjonen som finst i registra er tilgjengeleg for alle. Klager på føretaksnamn sendast til Patentstyret.
Meir informasjon om føretaksnamn

Altinn

www.altinn.no 
Altinn inneheld skjema og tenester frå ei rekkje offentlege instansar. Patentstyret sine skjema for patent-, varemerke- og designsøknadar, forundersøkingar og korrespondanse er tilgjengelege her. Under fanen «Starte og drive bedrift» har Altinn samla mykje informasjon om det å etablere og drive ei næringsverksemd i Noreg.

NORID

www.norid.no 
Norid AS driv toppnivådomenet .no og vedlikeheld den sentrale databasen for alle norske domenenamn. Alle domene direkte under .no må vere registrertehos Norid. Norid har ansvar for å utvikle regelverket og for den tekniske drifta av namnetenesta, slik at norsk Internett er globalt tilgjengeleg til einkvar tid. For å registrere eit domenenamn, må du kontakte ein registrar (domenehandlar) som har avtale med Norid. Viss du oppdagar at nokon har registrert eit domenenamn som du meiner du har rett til, til dømes eit varemerke, eit produktnamn eller namn på bedrift, kan du klage registreringa inn for domeneklagenemnda. 

Meir info om domenenamn

Siva

www.siva.no 
Siva er eit statsforetak eigt av Nærings- og fiskeridepartementet. Det ligg i Trondheim. Siva sine innovasjonsaktivitetar omfattar utviklingsprogram for næringshagar og inkubatorar, aktivt eigarskap i innovasjonsbedrifter, investering i næringseigedom og klyngeutvikling. Siva si eigedomsverksemd bidreg til etablering av industri- og utviklingsmiljø i heile landet. Dette kan redusere risikoen ved nyetableringar, både for tradisjonell industri og moderne kunnskapsbedrifter.
Stikkord: rådgjeving, finansiering, nettverk, arrangement, profilering.

VINN

www.vinn.no 
VINN leverer tenester innan kunnskapsformidling og entreprenørskap retta mot definerte satsingsområder innan privat og offentleg næringsliv. I nasjonal samanheng er VINN ein sentral tilbydar av etableraropplæring. Dei arbeider regionalt og nasjonalt med informasjon til etablerarar og bedrifter, samt med opplæring av og rettleiing til etablerarar. VINN tilbyr også blant anna opplæringsprogram og tenester innan kompetanseutvikling.

Nordic Innovation

www.nordicinnovation.org 
Nordic Innovation er eit nordisk institutt som arbeider for å fremje handel og innovasjon på tvers av landegrensene. Handelen skal styrkast gjennom tiltak som stimulerer til oppstart av nye verksemder og marknadsmoglegheiter i tillegg til økt handel med varer, tenester og kapital i Norden og i EU. For at dei nordiske landa skal kunne bli ein attraktiv region for investeringar, vil Nordic Innovation bidra med å utforme felles vilkår og standardar. Organisasjonen er underlagt Nordisk ministerråd.

Andre aktørar

Private rådgivarar innanfor IPR - rådgivarbasen på IPR-hjelp

Teknologisk institutt

forskning.no

Norsk forening for industriell rettsbeskyttelse (NIR)

Etisk nemnd for patentsaker (Patentnemnda)

Matmerk

EØS terminologibase

Norge.no

Regjeringen.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: