Namnesjekk

«Namnesjekk – dei viktige vala». Namnesjekk er ein app frå Patentstyret som kan vere til hjelp for deg som skal velje namn på produktet eller verksemda.

Varemerke, domenenamn, firmanamn

Eitt søk i «Namnesjekk» viser treff i Patentstyret sin base for varemerke. Her finn du alle varemerke søkt verna eller registrerte i Noreg.

Samtidig gir appen treff i firmanamn registrerte i Brønnøysundregistera og sjekker dessutan om domenenamnet er ledig.

Appen er gratis og er tilgjengeleg på alle plattformer – Apple - Android - Windows

Andre måtar å sjekke eit namn på

  • Namnesok.no. Ei søkjeteneste som gjer det enkelt for deg å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.
  • Patentstyret si søkjeteneste. Her finn du alle norske varemerkesøknader og varemerkeregistreringar. Denne søkjetenesta er gratis og open for alle.
  • Patentstyret sine forundersøkingar. Patentstyret utfører raskt og rimeleg forundersøkingar for deg og kan også vurdere resultata. Forundersøkingar er konfidensielle og kan vere nyttige uavhengig av om du skal sende inn ein søknad om varemerkeregistrering. Dette er ei betalt teneste. Les mer om forundersøkingar.
  • Føretaksnamn eller firmanamn. Kan sjekkast på nettsidene til Brønnøysundregistera
  • Domenenamn. Kan sjekkast på nettsidene til Norid
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: