Namnesøk

"Namnesøk" er ei søkjeteneste som gjer det enkelt for deg å sjekke om både domenenamn, føretaksnamn og varemerke er ledig - alle tre i eitt søk.

Gå til nettstad: namnesøk.no

Det er mykje å hugse på når du skal starte ei verksemd. Du skal kanskje registrere både domene, føretak og varemerke.

Rekkjefølgja du registrerer namn betyr noko. Registrer gjerne domene fyrst, deretter føretak og varemerke. Namnesøk vil hjelpe deg i å gjere dette i riktig rekkjefølgje og avgrense namnekonfliktar og namnesnapping.

Andre måtar å sjekke namn

  • Patentstyret si søkjeteneste. Her finn du alle norske varemerkesøknader og varemerkeregistreringar. Denne søkjetenesta er gratis og open for alle.
  • Patentstyret sine forundersøkingar. Patentstyret utfører raskt og rimeleg forundersøkingar for deg og kan også vurdere resultata. Forundersøkingar er konfidensielle og kan vere nyttige uavhengig av om du skal sende inn ein søknad om varemerkeregistrering. Dette er ei betalt teneste. Les meir om forundersøkingar.
  • Føretaksnamn eller firmanamn. Kan sjekkast på nettsidene til Brønnøysunderegistera.
  • Domenenamn. Kan sjekkast på nettsidene til Norid.
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: