Opphavsrett / Copyright

Opphavsrett (eller copyright) er retten til litterære og kunstnariske åndsverk, til dømes eit musikkstykke, ei bok, eit måleri, brukskunst eller ein film.

Du får copyright eller opphavsrett til eit åndsverk automatisk i det du skapar eit verk. Den kan ikkje registrerast. Du får ikkje opphavsrett på enkeltord, men kan få det på dikt og litterære verk.

Viss ei oppfinning, eit design eller eit varemerke har preg av noko nytt og originalt eller er eit resultat av skapande innsats, er det automatisk verna etter åndsverklova. Viss du vil ha ein definert einerett til å nytte oppfinninga di, designet eller varemerket ditt, bør du søkje om patentdesign eller varemerke hos Patentstyret.

Opphavsrett kan ikkje registrerast og må fastslåast av domstolane. Viss du har behov for ein beviseleg einerett, sjå om patentdesign- eller varemerkeregistrering er noko for deg.

I ein del tilfelle vil åndsverklova gi tilstrekkeleg vern, men ofte er det ein fordel å ha ein beviseleg registrert rett - også for å unngå ei dyr rettssak. Kva som er riktig for deg må du sjølv vurdere.

Kva betyr symbola?

Du har kanskje sett symbola ®, © og TM og lurt på kva dei betyr? Les meir om symbola

Vil du vite meir om opphavsrett?

Kulturdepartementet er fagdepartementet for opphavsrett.
Du finn ein artikkel om opphavsrett på nettsidene til regjeringen.no . 

Du kan få svar på mange spørsmål ved å gå inn på www.delrett.no. som er ei informasjonsside om opphavsrett.  

Ein liste over nokon rettigheitsorganisasjonar:

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: