Publiseringsretten
Ein arbeidstakar som gjer ei oppfinning som blir omfatta av lova om arbeidstakaroppfinningar skal gi arbeidsgivaren skriftleg melding om dette så raskt som mogleg. Meldinga må innehalde opplysningar om oppfinninga. Når ei slik melding er gitt, har arbeidsgivar ein frist på fire månader til å gi skriftleg melding til arbeidstakaren viss han vil overta oppfinninga eller krevje ein rett til den.
Så lenge fristen til arbeidsgivaren ikkje er gått ut, er arbeidstakaren sin handlingsfridom avgrensa. Arbeidstakaren kan ikkje rå over oppfinninga eller gjere handlingar som kan forringe moglegheita til å få meddelt patent, eller som gjer det mogleg for andre å utnytte oppfinninga. Dette betyr blant anna at arbeidstakaren ikkje kan offentleggjere oppfinninga.
Unntak: For lærarar og vitskapleg personale ved universitet og høgskular gjer lova om arbeidstakaroppfinningar eit avhengrensa unntak frå forbudet mot å rå over oppfinninga; slike arbeidstakarar kan ha rett til å publisere oppfinninga si. Det er dette som blir kalla «publiseringsretten».
Kva er hensikta bak regelen om publiseringsrett?
Formålet med regelen om publiseringsrett er at arbeidstakarar skal ha anledning til å velje ope spreiing av kunnskapen framfor kommersiell utnytting. Viss oppfinninga blir publisert, kan verken arbeidstakar eller arbeidsgivar seinare få meddelt patent; kunnskapen skal då fritt kunne utnyttast av alle.
Kven gjeld regelen om publiseringsrett for?
Arbeidstakarar som har eit fast eller mellombels tilsetjingsforhold i heil- eller deltidsstilling ved universitet eller høgskule har publiseringsrett. Nokre arbeidstakarar har delt stilling mellom universitet/høgskule og forskningsinstitutt, helseforetak eller næringsliv. I så fall er det eit vilkår for at publiseringsretten skal gjelde at forskningsresultata knytter seg til ei oppfinning som har blitt gjort i samband med arbeidstakaren si stilling ved universitet eller høgskule.
Kva er vilkåra for å ha publiseringsrett?
Eit vilkår for publiseringsrett er at arbeidstakar gir arbeidsgivar varsel om at han ønskjer å bruke publiseringsretten samtidig med at han gir arbeidsgivar melding om oppfinninga. På dette tidspunktet er det likevel ikkje nødvendig at publikasjonen er utarbeidd.
Eit anna vilkår er at rettane til tredjepartar ikkje er til hinder for publisering. Tredjepartar sine rettar kan for eksempel vere til hinder viss oppfinninga har samanheng med eit forskningsprosjekt som er eksternt finansiert, eller som er gjennomført i samarbeid med næringslivet.
Viss arbeidstakaren har delt stilling, kan pliktane hans overfor andre arbeidsgivarar vere til hinder for publisering.
Kva blir konsekvensane viss vilkåra for publiseringsrett er oppfylt?
Viss vilkåra for publiseringsrett er oppfylt, har ikkje arbeidsgivaren rett til å overta oppfinninga. Eit unntak gjeld viss oppfinnaren ikkje har «teke skritt til publisering» innan eitt år etter at meldinga om oppfinninga blei gitt til arbeidsgivaren. I slike tilfelle kan arbeidsgivaren overta oppfinninga og kan då også søkje patent.
Uttrykket «teke skritt til publisering» omfattar blant anna situasjonar der arbeidstakaren publiserer oppfinninga på ein slik måte at man ikkje lenger kan få meddelt patent på grunn av nyheitskravet i patentlova § 2. I tillegg omfattast blant anna tilfelle der eit manuskript er sendt til eit tidsskrift eller arrangøren av ein konferanse for vurdering. Det er ikkje nødvendig at manuskriptet er blitt akseptert av tidsskriftet eller at eit muntleg foredrag er heldt innan ettårsfristen.
Kan publiseringsretten fråvikast?
Publiseringsretten kan fråvikast ved føresegnene i arbeidsavtalen eller annan avtale mellom arbeidstakar og arbeidsgivar.
Meir om arbeidstakaroppfinningar
Les meir om arbeidstakaroppfinningar
Lov om retten til oppfinningar som er gjort av arbeidstakarar (lenka går til Lovdata)