Du har fått ein rett
Kva må eg betale når eg eig et patent?
For at patentet skal fortsetje å vere gyldig, må du betale årsavgift både i Noreg og andre land der du har patent. Vi i Patentstyret sender kun eitt varsel om betaling, og dette varselet gjeld for dei tre første avgiftsåra. Deretter kan det vere lurt å setje opp ei påminning om dette. Det kan du gjere i varslingstenesta vår, der du også kan betale årsavgiftene. Du må sjølv sørge for at årsavgiftene blir betalde før fristen kvart år. Vi er strenge med betalingsfristene, og du risikerer å miste patentet viss du ikkje betalar i tide.
Sjå prislista
Korleis tener eg pengar på patentet?
Du kan oppnå økonomisk gevinst på fleire måtar, der dei vanlegaste er:
- høgare pris på produktet som følgje av monopol
- økt verdi på selskapet ved ein eventuell fusjon eller sal av selskapet
- selje patentet, heilt eller delvis
- lisensinntekter av patentet
- betre tilgang på finansiering frå investorar og det offentlege
- sikring av marknadsdelar ved å hindre kopiering
Patentstyret har inga rolle i den forretningsmessige bruken av patent, men du bør gi oss beskjed viss patentet skifter eigar eller viss du inngår lisensavtalar.
Lisensiering
Ein lisens er ein avtale der du som patenteigar gir ein lisenstakar rett til å lage, bruke eller selje din patenterte teknologi innanfor avtalte geografiske marknader og bruksområde. Vanlegvis mottek du eit beløp når avtalen blir inngått, og deretter ein del av lisenstakaren sine årlege salsinntekter. Du eig fortsatt patentet, og du kan inngå lisensavtalar med lisenstakarar i eitt eller fleire marknader. Det er også mogleg å utnyttje kvarandre sine patent, såkalla krysslisensiering, for å skape alliansar og auke eige handlingsrom.
Les meir om lisensiering
Pantsetting av patentet ditt
Det er mogleg å pantsetje patent, patentsøknadar og patentlisensar i Noreg. For å sikre panteretten må pantsetjinga registrerast hos Patentstyret. Hovudformålet med åtgangen til pantsetjing er å gjere det enklare for oppstartsbedrifter utan moglegheit til kassakredittlån, og andre bedrifter som treng midlar til utvikling av nye idear, å skaffe seg kapital ved å stille sikkerheit i sine patent, patentsøknadar og lisensar.
Les meir om pantsetjing av patent
Kva om andre krenkjer rettane mine?
Dette er utfordrande, og du bør alliere deg med eit patentbyrå eller eit advokatfirma. Det er vanleg å først sende brev til den du meiner krenkjer rettane dine. Ofte kjem dykk fram til ei løysing gjennom forhandlingar, men andre gonger må saka bli løyst i retten.
For å stoppe inngrep, kan domstolane raskt gi ei såkalla mellombels forføyning. Dette betyr at konkurrenten din blir pålagt å stanse produksjon, marknadsføring og sal av produktet til saka kjem opp for retten. Ei behandling i rettsapparatet tar lengre tid, og retten bestemmer ei eventuell erstatning. Dette kan du krevje frå det tidspunktet patentsøknaden blei publisert. Rettssaker førast i kvart enkelt land, og viss du må forsvare patentet i fleire land, kan kostnadene bli store. På sikt vil det bli ein felles patentdomstol for mange av EU-landa. Det finst ei forsikring som kan brukast i slike tilfelle. Les meir om rettstvistforsikring
Kva om eg krenkjer andre sine rettar?
Om du har gjort inngrep i andre sine rettar, er prosessen like utfordrande som når andre krenkjer dine rettar. Det er mest vanleg å kome til eining gjennom forhandlingar, men du risikerer å måtte betale erstatning eller inngå lisensavtale. Prosessen startar vanlegvis med at du får eit brev frå motparten sin patentfullmektig eller advokat.
Du bør da få hjelp av en profesjonell som kan svare motparten, og i visse tilfelle kome med eit motsøksmål, eventuelt prøve å få patentet deira ugyldiggjort.
Les meir på ipr.hjelp.no om rådgivarar innanfor IPR-feltet
Kan andre angripe patentet ditt?
Alle kan levere ei motsegn etter administrativ overprøving mot gyldigheita av patentet ditt til Patentstyret. Det er ingen tidsfrist for å krevje administrativ overprøving. Les meir
Ver aktiv!
Det finst ikkje et «patentpoliti», så du som patenteigar må sjølv vere aktiv og verne om patentrettane dine. Det er ditt ansvar å følgje med på om nokon gjer inngrep i dine rettar, og du må i så fall setje i gang tiltak. Du kan bruke varslingstenesta vår for å følgje med på og bli varsla viss ein konkurrent sender inn ein søknad om rettar eller om det skjer noko på eit spesifikt teknisk fagfelt.