Før du søkjer patent - sjekk rettane til andre
Undersøk om andre har beskytta ei liknande oppfinning
Det kan hende at du kastar bort både tid og pengar på å utvikle teknologi som allereie er patentert eller kjend. Det kan derfor vere lurt å sjekke kva for rettar som finst i Noreg og andre land. Då unngår du å bruke tid og krefter på å utvikle noko som andre har rettar til.
Sjekk kva rettar som finst
Noreg: I søkjetenesta vår finn du alle norske patentsøknader og -registreringar.
Patentstyret si søkjeteneste
Andre land: oversikt over gratis internasjonale databasar
Vi kan gjere ei forundersøking for deg
Ønskjer du at Patentstyret skal sjekke i norske og internasjonale databasar for deg, kan du bestille ei forundersøking. Forundersøkingar er konfidensielle og kan vere nyttige uavhengig av om du skal sende inn ein søknad om patentvern.
Les meir om forundersøkingar
Eig du oppfinninga di?
Har du gjort ei oppfinning i forbindelse med arbeidet ditt? Er du usikker på kva rettar du har til oppfinninga din? Det er mogleg det finst spesielle reglar for arbeidsplassen din.
Les meir om arbeidstakaroppfinningar
Det er også mogleg å overføre retten til ei oppfinning. Sjå søknadsskjemaet for Erklæring om retten til oppfinnelse
Har oppfinninga eit spesiell design eller namn?
Har oppfinninga din eit særprega design eller namn/logo? Patent har eit nyheitskrav, som betyr at oppfinninga ikkje må ha vore vist til andre før du har levert inn patentsøknaden. For design er nyheitskravet moderert, slik at eit design kan ha vore vist offentleg inntil 12 månader før du leverer inn ein søknad.
Ønskjer du å kombinere patent og designregistrering, må du tenkje på dette:
- Designsøknaden må ikkje offentleggjerast før du har søkt om patent
- Designsøknaden må leverast seinast 12 månader etter at patentsøknaden er blitt allment tilgjengeleg, på grunn av nyheitsfristen (grace period)
Les meir om registrering av design
Dersom du vil bruke eit eige namn eller ein logo som kjenneteikn for produktet ditt, bør du vurdere å registrere det som eit varemerke.
Les meir om registrering av varemerke
Hjelp frå andre
Patentering er eit komplekst fagfelt der det er lett å trø feil. Viss du har lite erfaring med patentering eller har lita tid til å arbeide med søknadsprosessen, bør du vurdere å benytte eit profesjonelt patentbyrå (også kalt fullmektig). Eit patentbyrå kan hjelpe deg med blant anna utarbeiding og formulering av patentsøknaden din. Det er ein del strenge krav og tidsfristar i saksbehandlingsprosessen for patent. Patentbyrået vil kunne hjelpe med oppfølging av desse, samt diverse innbetalingar som til dømes årsavgifter.
Du finn ei liste over fullmektigar på nettstaden iprhjelp.no: Rådgivardatabasen.
Viss du vurderer å søkje i utlandet
Viss du har søkt patent i eitt land (for eksempel Noreg) og ønskjer å søkje patent i fleire land, må du passe på å søkje innan 12 månader frå du leverte inn søknaden i det første landet. Dette for å få prioritet frå den første søknaden.
Les meir om søking i utlandet