Profesjonell hjelp i søknadsprosessen

Patentering er eit komplekst fagfelt der det er lett å trø feil. Viss du har lite erfaring med patentering eller har lita tid til å arbeide med søknadsprosessen, bør du vurdere å bruke eit profesjonelt patentbyrå (også kalt patentfullmektig eller berre fullmektig).

Eit patentbyrå kan hjelpe deg med blant anna utarbeidig og formulering av patentsøknaden din. Det er ein del strenge krav til kva patentsøknaden må innehelde allereie ved levering og til tidsfrister i saksbehandlingsprosessen. Patentbyrået vil kunne bistå med oppfølging av desse, samt diverse innbetalingar som til dømes årsavgifter.

Norske søkjarar i Noreg

Noreg har ikkje fullmektigplikt, det vil seie at du kan køyre heile søknadsprosessen sjølv viss du ønskjer det. Men det kan oppstå situasjonar der ein fullmektig likevel er nødvendig.

Norsk søknad i andre land

Nokre land krev at du brukar ein fullmektig for all korrespondanse. Viss du skal søkje patent i andre land, er det derfor viktig at du undersøkjer om dette er tilfellet i dei landa der du ønskjer å søkje patent. Det kan vere lurt å bruke den same, norske fullmektigen gjennom både behandlinga av den nasjonale førstesøknaden, den internasjonale og den regionale fasen, forutsett at fullmektigen er godkjent som fullmektig ovanfor Det europeiske patentverket (EPO). Det er mogleg at enkelte land også krev ein godkjent fullmektig.

Utanlandske søkjarar

Utanlandske søkjarar som vidarefører søknadane sine i Noreg, treng ikkje å bruke ein fullmektig. Inntil nyleg har all kommunikasjon mellom Patentstyret og søkar vore på norsk, men reglane blei endra frå 1. januar 2015,  og det er nå mogleg å be om kommunikasjon på engelsk.

Oversikt over profesjonelle patentbyrå

For ei oversikt over dei ulike patentbyråa og kva de kan hjelpe deg med, kan du sjå rådgivarbasen på nettsida iprhjelp.no

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: