Forsvarsviktige oppfinningar

Ei forsvarsviktig oppfinning er ei oppfinning som ein meiner kan bety noko for riket sitt forsvar, til dømes krigsmateriell. Dei blir også kalla hemmelege patent eller sikkerheitsgraderte patent.

Du kan søkje patent på slike oppfinningar, men det gjeld spesielle reglar for innlevering, behandling og kommunikasjon i desse søknadene.

Regelverk

Følgjande lov og forskrift gjeld for behandling av slike oppfinningar (lenkjene går til Lovdata):

Kva er ei forsvarsviktig oppfinning?

Lov om forsvarsviktige oppfinningar gjeld oppfinningar av noko som bety noko for riket sitt forsvar:

  • når oppfinninga er gjort her i Noreg, eller
  • det er søkt om patent på oppfinninga i Noreg, eller
  • når nokon som er busett her eig oppfinninga heilt eller delvis eller har utnyttingsrett i den.

Viktig: Det er ditt ansvar som søkjar å sikre at nasjonale sikkerheitsføresegner overhaldast.

Korleis søkjer du patent på forsvarsviktige oppfinningar?

Viss du ønskjer rettsleg vern for oppfinninga di må du levere ein patentsøknad til Patentstyret (sjå lov om forsvarsviktige oppfinningar § 3).

Viss du trur søknaden kan bety noko for riket sitt forsvar, bør du informere oss om dette. Skriv for eksempel «Forsvarsviktig søknad» på ein konvolutt som du legg søknaden i, og legg deretter denne konvolutten i ein «rein» konvolutt som du anten sender i posten til Patentstyret eller leverer personleg. Søknader som omfattast av lova eller som du trur kan omfattast av lova, skal ikkje leverast via elektroniske kanalar (som Altinn eller e-post).

Å søkje forsvarsviktig patent i utlandet

Sjølv om ein patentsøknad er forsvarsviktig, er det mogleg å søkje patent i andre land. Du kan ikkje bruke det internasjonale patentsystemet (PCT) eller det europeiske patentsystemet (EPC), da ingen av desse systema gir oss moglegheit til å hemmeleghalde søknadar ut over dei vanlege 18 månadane frå eldste prioritetsdato eller søknadsdato.

Viss du ønskjer å søkje patent i utlandet, må du ta kontakt med Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit (NSM) for avklaring. Dette må du gjera i god tid før søknaden skal leverast i det enkelte landet.

Statsborgarskap og bustad

Fleire statar har nasjonal lovgiving som avgrenser innlevering av forsvarsviktige søknadar i utlandet av omsyn til riket si sikkerheit. Alle søkarar frå land utanfor Noreg (uansett statsborgarskap) bør derfor sikre samsvar med eventuelle nasjonale sikkerhetsrestriksjonar hos dei nasjonale myndigheitene i det landet der dei er busette før dei søkjer om patent i Noreg.

Viss du skal utnytte oppfinninga, men ikkje skal søkje patent

Lova om forsvarsviktige oppfinningar gjeld sjølv om du ikkje skal søkje patent. Da må du sjølv ta kontakt med NSM før du offentleggjer og/eller starter å utnytte oppfinninga di.

Spørsmål?

Ta kontakt med oss viss du har spørsmål om forsvarsviktige patent eller oppfinningar. Du kan ringe kundesenteret på telefon 22 38 73 00.

NB! Viss du sender e-post må du ikkje ta med informasjon om sjølve oppfinninga.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: