Gode grunnar til å søkje patent

Å utvikle produkt krev tid og investeringar.

Få eit forsprang i marknaden

Å utvikle eit nytt produkt krev ofte store investeringar. Eit patent kan gi deg eit viktig konkurransefortrinn fordi du får einerett til å utnytte oppfinninga di kommersielt.

Viss du kan dokumentere einerett til oppfinninga, kan du åtvare konkurrentar om at dei ikkje kan kopiere eller utnytte oppfinninga di. Du har også eit godt utgangspunkt for å forhandle om finansiering av utviklingskostnader, og for å inngå sals- og lisensavtalar.

På denne måten gir patentvern deg større moglegheit til å sikre dine investeringar og dekkje dei kostnadane som nyskapinga di og produktutviklinga representerer.

Les meir om lisensiering

Les meir om kvifor registrerte rettar er viktige for eksterne investorar

Bevis på innovasjon og nytenking i bedrifta

Kort fortalt er eit patent viktig fordi det gir deg ein dokumentert einerett som kan:

  • auke konkurransefortrinnet og betre moglegheita til å tene penger på oppfinninga
  • bidra til at du oppnår større marknadsdelar
  • bidra til å førebyggje konfliktar
  • brukast som bevis i ein konflikt
  • gi deg moglegheit til å selje eller lisensiere ut produktet
  • gjere verksemda di meir attraktiv for samarbeidspartnarar og investorar

Patent er som oftast meir verdifulle enn patentsøknadar, ettersom det ikkje er sikkert at ein søknad blir innvilga. Verdien av å oppretthalde eit patent kan endre seg over tid, og bør derfor vurderast jamleg. Patentering tar tid og passar aller best for løysingar som er lenge i marknaden.

Uansett om du patenterer eller ikkje, bør du følgje med på andre og ikkje krenkje rettane deira. Da kan du unngå rettssaker og eventuelle erstatningskrav.

Sjå kva som finst av rettar i søkjetenesta vår

Les meir om kva du bør tenkje på før du søkje patent

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: