Horisont 2020 og IPR

Søknad om middel frå Horisont 2020 set krav til å dokumentere korleis ein forvaltar og utviklar immaterielle rettar. Skaff deg grunnleggjande kompetanse om IPR og lag ein forvaltningsplan for verksemdas immaterielle rettar, ein såkalla IPR-stratgi.

IPR i ein Horisont 2020-søknad

Før du startar ein søknadsprosess for Horisont 2020-middel må du dokumentere og fastsetje verdien av eigne immaterielle rettar. I eit samarbeidsprosjekt lager ein avtalar om IPR, blant anna om kva som bringast inn og resultata.

Sikre investeringane og sprei kompetanse

Horisont 2020 er verdas største forsknings- og innovasjonsprogram med mål om å styrkje europeisk industri gjennom forskning og teknologisk utvikling. For å sikre investeringane er vern av immaterielle verdiar ein viktig aktivitet. Å forvalte IPR krev tid og ressursar, men fordelen er ei moglegheit til ¨å spreie kompetanse og dele ny teknologi samtidig som ein beheld rettane og inntektene.

Infoark om Horisont 2020 og IPR

Les meir nyttig informasjon om Horisont 2020 og utvikle IPR-kompetansen din. Horisont 2020 og IPR (PDF)

Kurstilbud og søknadshjelp

Vil du lære meir om IPR i Horisont 2020?

Sjå Forskningsrådet sitt kurstilbod med blant anna kursa Søknadsstøtte nivå 1 og Prosjektutvikling nivå 1 og 2.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: