
Skal du søkje patent? Unngå desse 3 feila
Patentstyret mottek i overkant av 1100 patentsøknader frå norske oppfinnarar kvart år. Av desse er det over 60 % som ikkje blir godkjende som patent.
Viktig søknad
Avdelingsdirektør i patentavdelinga Bjørn Lillekjendlie seier at det er viktig å forstå kor mykje som ligg bak ein slik søknad.
− Å søkje patent er ikkje som å søkje barnehageplass. Det er eit viktig og komplisert juridisk dokument, fortel han.
Men Lillekjendlie meiner også det er viktig at dei som sit på ein god idé søkjer patent på den.
− Du passar på at du verner ideen din, noko som er viktig for å sikre investeringane du brukar på utvikling.
Og verdien av søknaden gjer at det også er viktig å gjere søknadsprosessen og sjølve søknaden ordentleg. Og det er her mange feiler, påpeikar han.
− Viss du ikkje har ein del tidlegare erfaring med patentsøknader, er det lurt å få ein patentrådgjevar til å hjelpe med søknaden, slik at den er riktig formulert og utfyld, forklarar Lillekjendlie.
Mange tek sjansen
Dei fleste av søknadene som blir avslåtte, er anstendige forsøk, fortel Lillekjendlie, men tilføyer at dei treng meir arbeid og ikkje er er detaljerte nok.
− Det er veldig lurt å sjekke databasar først, til dømes patentscope.wipo.int eller espacenet.com. Viss du ser at andre allereie har søkt patent på det same, så er det meiningslaust å skrive ein lang og omfattande søknad, seier Lillekjendlie.
Å ha eit godkjend patent kan vere utroleg viktig når du har ein idé og skal få den ut i verda. Men Lillekjendlie fortel at det nokre gonger også er viktig å berre ha søkt.
− Det å seie at ein har søkt om patent, kan gjere selskapet ditt meir verdifullt og attraktivt for investorar. Dette fordi det viser at du har tru på prosjektet og at teknologien kanskje kan få eit godt vern, forklarar han.
3 feil mange patentsøkjarar gjer:
1. Ideen er ikkje ny
Innanfor enkelte fagområde, som til dømes datamaskin-implementerte oppfinningar, finst det mange patent, og det er publisert mykje litteratur på området.
Ein viktig del av forarbeidet før du sender inne ein patentsøknad, er å kartleggje eksisterande rettar og tilgjengeleg informasjon om tilsvarande produkt og oppfinningar. Du kan bruke Patentstyret si søkjeteneste for å finne rettar som er søkt og innvilga i Noreg. Du kan også få hjelp av Patentstyret til å foreta ei forundersøking. På nettsida til Patentstyret kan du lese meir om kva for forundersøkingar vi kan hjelpe deg med.
Det kan også vere lurt å sjekke internasjonale databasar som til dømes patentscope.wipo.int eller espacenet.com.
Ein annan viktig ting å hugse på, er at ideen ikkje må publiserast før patentsøknaden er sendt. Den kan vere freistande for ein forskar å publisere resultatet i ein forskningsartikkel eller kontakte den lokale avisa for å fortelje om oppfinninga, men dette vil føre til at Patentstyret må avslå patentsøknaden.
Viss du treng å presentere ideen for nokon for å få hjelp til å kome vidare, kan det vere lurt å lage ein fortrulegheitsavtale. Du kan lese meir om dette på nettsida til Innovasjon Noreg.
2. Søknaden er ikkje godt nok formulert til å gi ein god rett
Utforming av ein patentsøknad er ein egen profesjon og vanskeleg for dei som ikkje kjenner måten dette skrivest på. Dei aller fleste som søkjer om patent og som ikkje brukar kyndig hjelp, fell gjennom og får aldri eit meddelt patent.
Ettersom patentering er såpass komplekst, råder vi deg til å bruke ein profesjonell fulmektig til å hjelpe deg med søknadsprosessen. Du finn ei oversikt over aktuelle fullmektigar i rådgjevardatabasen på ipr.hjelp.no
3. Søknaden manglar krav og forklaring og viser berre konsept
Søknader som er mangelfulle ved at dei ikkje har ei tilstrekkeleg forklaring og krav, er ikkje mogleg å vurdere. Saksbehandlarar skal ikkje tolke eller definere kva oppfinninga er, og i eit svar på ein patentsøknad (realitetsfråsegn), blir det kun gitt informasjon om kva som må endrast eller tilpassast.
Det er du som søkjar som har ansvaret for å utforme innhaldet i patentsøknaden, og fordi dette krev erfaring, anbefaler vi å bruke kyndig hjelp til dette.
På Patentstyret si nettside finn du meir informasjon om kva søknaden bør innehalde.
Artikkelen blei først publisert i innomag.no av Torill H. Henriksen.