Kva kan du søkje patent på?
Du kan få patent på tekniske produkt, framgangsmåter eller bruksmåter viss oppfinninga er ny, har oppfinningshøgd og er mogleg å gjenskape.
Framgangsmåtar, produkt, apparat og anvendingar kan patenterast. Til dømes blodanalysar, datamaskinteknologi og glidelåsar.
Oppfinninga di må utgjere ei praktisk løysing av eit problem, der løysinga har teknisk karakter, teknisk effekt og er reproduserbar.
Du kan ikkje få patent på ein idé utan å forklare eller vise korleis han kan gjennomførast i praksis. Du kan heller ikkje få patent på eit forretningskonsept.
Oppfinninga må vere ny
Du må ikkje gjere oppfinninga kjent for andre før du har levert inn ein patentsøknad. I nokre tilfelle er det ein fordel om ho ikkje gjerast kjent før etter at du har motteke ei fråsegn om patenterbarheita til oppfinninga. Grunnen til dette er at det kan vere manglar ved søknaden som gjer at du må sende inn ein ny søknad. Da er det viktig at oppfinninga ikkje har blitt gjort kjent i løpet av tida som har gått sidan innlevering av søknaden.
Har andre sett oppfinninga di?
Viss du vil vise oppfinninga di til ein potensiell produsent, er det viktig at du presiserer at opplysningane skal haldast hemmelege. Vedkomande bør underteikne ein teiepliktavtale slik at du ikkje risikerer at ideen blir kjent.
Hald ideen hemmeleg: Den vanlegaste feilen ein oppfinnar gjer, er å offentleggjere ideen for tidleg. Viss du avslører ideen før du sender patentsøknaden, har du offentleggjort oppfinninga di. Dette kan hindre deg i å få patent.
Til dømes viss oppfinninga di har vore omtala i tidlegere patent, tidsskrifter eller annan litteratur (gjeld heile verda) eller viss du har vist den fram på ei utstilling eller under eit foredrag, eller det er blitt omtala i ei avis, på internett, i ein brosjyre eller einkvar munnlege måte.
Har du sett eit interessant produkt på ei messe?
Eit produkt som har vore vist på ei messe, vil ikkje lenger reknast som nytt, og kan derfor ikkje patenterast i Noreg. Viss du har sett eit interessant produkt på ei messe i utlandet og produktet ikkje er patentsøkt i Noreg, kan du produsere og selje produktet i Noreg, med mindre dette ikkje strir mot anna regelverk, til dømes marknadsføringslova.
Oppfinninga må ha oppfinningshøgd
Oppfinningshøgd betyr at oppfinninga skal skilje seg vesentleg frå tidlegare kjent teknikk på området. Ho kan ikkje berre vere ei logisk vidareføring av tidlegare kjent teknikk. Det vil seie at ein fagperson innan området ikkje direkte eller logisk skal kunne utleia oppfinninga frå den kjende teknikken.
Industrielt reproduserbar
Oppfinninga skal ha teknisk karakter og vere reproduserbar. Det er kun tekniske løysinger som kan patenterast - du kan ikkje få patent på eit forretningskonsept.
Spørsmål
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med kundesenteret vårt.