
Lisensiering
Betalinga kan gjerast på ulike vis, men det er vanleg med enten eingongsbetaling eller royalties (som er utbetalingar relatert til omsetning av produkt framstilt ved bruk av retten), eller kombinasjonar av desse.
Ulike typar lisensiering
Immaterielle rettar kan danne basis for lisensiering på ulike måtar
- Einvegs lisensiering (inn eller ut)
- Lisens som basis for underlisensar
- Krysslisensiering: Verksemder som har patent i tilstøytande teknologiområde kan lisensiere til kvarandre, noko som gir betre teknologiutnytting
Fordelar ved lisensiering
- Ved å lisensiere ut einerettane dine, kan du få andre til å selje produkta dine i land der til sjølv ikkje er tilstades. Slik kan du tene ekstra.
- Ved å lisensiere ut til eit etablert selskap, slepp du sjølv å ta ansvar for produksjon, sal og marknadsføring. Det går dermed billigare og raskare.
Ved å lisensiere ut, kan du få inntekter frå bransjar du sjølv ikkje jobbar med. For eksempel kan du lage og selje bremsar til offroadsyklar, men lisensiere ut til nokon som lagar motorsykkelbremsar. - Finn du nyttig teknologi hos andre, kan du lisensiere den inn, og dermed kjem raskare inn i marknaden med mindre utviklingskostnader enn ved å lage alt sjølv.
Hovudgrunnane til det er:
- Det kan vere vanskeleg for bedrifter utan tilstrekkelege økonomiske «musklar» å nytte ein idé med et stort marknadspotensial fullt ut. Lisensiering kan gi auka utnytting likevel
- Lisensiering inneber at kostnader og risiko ved produksjon og marknadsføring blir fordelt på partane.
Kva bør ein lisensavtale innehalde?
Å forhandle fram lisensvilkåra er ein kompleks og ofte langvarig prosess. Lisensen er eit bindande juridisk dokument, så det er viktig at innhaldet er gjennomtenkt. Det er formålstenleg å involvere advokat, patentfullmektig eller andre juridiske rådgivarar med kjennskap til patent og lisensiering i prosessen.
Lista nedanfor er ikkje uttømmande, men dette er element det er vanleg å ta stilling til i avtalen:
- Avtalepartar
- Omfanget av lisensen; heile eller berre delar av retten sitt verneomfang
- Grad av eksklusivitet: eksklusiv, ikkje eksklusiv, kan også ha vilkår for oppretthald av eksklusivitet over tid
- Blir det gitt rett til å gi underlisensar, eventuelt med kva for avgrensingar?
- For kva geografisk område skal lisensen gjelde?
- Kva slags informasjon skal lisensgivar skaffe?
- Kven dekkjer kostnader ved eventuelle inngrep?
- Kven har rett til å gjere forbetringar/endringar?
- Har lisensgivar ansvar for teknisk eller annan bistand?
- Korleis er betaling og vilkår (eingongsbetaling/trinnvis/royalty)
- Rett til innsyn i rekneskapar?
Opplysing om lisensavtalar i Patentstyret sine register gir rettsvern ved rettskollisjonar. Patentstyret legg inn informasjon om at det er gitt lisens i ein varemerke-, design- eller patentrett, dersom ein av partane gir melding om dette. Det er tilstrekkelig at ein av partane ønskjer ei slik opplysning og leverer melding om lisens. Dette gjerast på et eige skjema.
Skjema for melding om lisens (PDF)
Eksempel på lisensavtale for patent på Innovasjon Noregs nettsider
Liste over aktuelle rådgivarar på IPR-hjelp