medisinsk utstyr
Foto: iStockphoto

Helseindustrien - trendar og perspektiv

Patentlandskapsanalyse: Rapporten innan helseindustri ser nærmare på i kva grad dei fire industrisegmenta legemiddel, bioteknologi, medisinsk utstyr og digital helse tek i bruk patentering som rettsvern.

Denne patentlandskapsanalysen av norsk helseindustri er ei bestilling frå Patentstyrets eigar, Nærings- og fiskeridepartementet. Den er utarbeidd av Patentstyret med innspel frå Menon Economics, Direktoratet for e-helse og Stig Urheim, overlege og forskar ved Haukeland universitetssjukehus.

Norsk helseindustri har dei siste åra hatt ein særleg sterk vekst målt i omsetning, verdiskaping og talet på arbeidsplassar, og blir sett på som eit av dei norske næringsområda som skal hjelpe til med å auke Noreg sin eksportdel frå fastlands-Noreg fram mot og etter 2030. Det som har vore mindre kjent, er verdien av helseindustrien sine industrielle rettar som grunnlag for denne veksten.

Les rapporten: Helseindustrien - trendar og perspektiv (PDF)

Sjå oversikta over andre patentlandskapsanalysar

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: