Om patentretningslinjene
Lenke til patentretningslinjene
Retningslinjene retter seg primært mot saksbehandlarane i Patentstyret, men vi ønskjer også at dei skal vere til hjelp for brukarane av patentsystemet ved at retningslinjene skal bidra til å gjere saksbehandlinga opplagd.
Retningslinjene må betraktast som generelle instruksjonar som søkjarane kan forvente at Patentstyret vil følgje. Retningslinjene (pr.) utgjer likevel inga forskrift i forvaltningslova si forstand, og for bindande heimlar er det nødvendig å vise til patentlova (patl.) eller patentforskrifta (pf.).
Patentstyret skal harmonisere praksisen i søknadsbehandlingen med tilsvarende praksis ved European Patent Office (EPO) så langt gjeldende norsk lovverk tillater. Det er derfor henvist i retningslinjene til relevante deler av Guidelines for Examination (EPO-GL) og avgjørelser fra EPO Technical Board of Appeal og EPO Enlarged Board of Appeal (T- og G-avgjørelser) i retningslinjene. Desse finst i sin heilheit på www.epo.org.
Endringar
Forslag til endringar og tillegg i retningslinjene blir vedteke av Patentavdelingen si leiing.
Dersom du har ei tilbakemelding eller forslag, send ein e-post til post@patentstyret.no.
Datering av endringar i eksisterande tekst og nye retningslinjer publiserast under Siste endringar i patentretningslinjene. Endringar i eksisterande tekst meirkast med raud skrift i minimum to (2) månader etter at endringa er gjort.