
Programvare og appar
Patentvern av oppfinningar med programvare
Det kan vere mogleg å få patent på ei oppfinning som består av ei programmert løysing, der programmet er implementert på ei generisk datamaskin (som til dømes datamaskin, smarttelefon, smart-TV, nettbrett) for å utføre trinn i ein patentert framgangsmåte eller eit system.
Les meir om krav til oppfinningar på sida Kva kan du søkje patent på?
Eit dataprogram (til dømes kildekode) i seg sjølv er ikkje patenterbart, men eit dataprogram som implementerer eller modellerer ei patenterbar oppfinning så som ein framgangsmåte eller eit system, kan patenterast.
Det er fleire andre unntak frå patentering, som til dømes forretningsmodellar, framvising og/eller presentasjon av informasjon eller matematiske formlar/algoritmar som ikkje er knytta til ei patenterbar oppfinning.
Eit dataprogram i seg sjølv kan oppnå vern etter «Lov om opphavsrett til åndsverk m.v» (lenke til Lovdata).
Det er ulike reglar og praksis for patentering frå land til land, til dømes frå USPTO (United States Patent and Trademark Office) til EPO (European Patent Office). Noreg følgjer retningslinjene til EPO.
Kvifor patentere datamaskin-implementerte oppfinningar?
På ICT-fagområdet går utviklinga raskt; ny teknologi gir hurtigare, billigare og meir strømeffektive løysingar. Kostnadane med å utvikle og oppdatere produkt må dekkast inn frå sal eller inntekter frå lisensiering. Eit patent gir ein einerett til å utnytte oppfinninga kommersielt, og dermed eit vern mot at andre kan kopiere og selje same produkt. Dette gir større moglegheit til inntjening for å dekkje utviklings- og vedlikehaldskostnadane. Patentet er gyldig i 20 år uavhengig av om teknologien som implementerer oppfinninga blir endra.
Fleire og fleire ser på aktiv utnytting av immaterielle rettar (patent, varemerke og design) som ein del av forretningsstrategien. I tillegg til for eksempel å patentere sjølv, inneber det også å kartleggje kva for rettar andre har som kan hindre patent, slik at du unngår å krenkje desse rettane. Veksten i meddelte patent innanfor ICT er stor. Mange av desse blir gjeldande for Noreg, noko som auker risikoen for at norske bedrifter gjer inngrep i eit patent. Du kan redusere denne risikoen ved å skaffe deg kompetanse på IPR og bruke den aktivt i forretningsplanar, ved å kartleggje andre sine rettar og å patentere eigen teknologi.
Når du sjølv patenterer oppfinningar innanfor eit teknologiområde, kan du lisensiere ut eigen teknologi til andre, eller dele rettar. Kva som er den beste IPR-strategien, avhenger av marknad og teknologiområde.
Patent er informasjonskilde til ny teknologi
Vi godkjenner patent etter ei grundig vurdering av søknaden. Etter 18 månader publiserer vi søknaden og gjer han tilgjengeleg for alle gjennom nettsidene til nasjonale og internasjonale patentorganisasjonar. Dette er kilder for å finne ut kva som finst av teknologi og kven som eig rettane til desse. Patentinformasjon kan brukast til å få inspirasjon til å vidareutvikle eigen teknologi eller til å finne potensielle samarbeidspartnarar med spesifikk kompetanse og erfaring.
Det er mange patent på ICT-området, derfor kan det vere vanskeleg å avgrense eit søk for å finne relevant teknologi. Patentstyret kan hjelpe deg med rettleiing og søkjetenester for å finne relevant informasjon.
Vilkår for å få patent på ICT-området
Får å få meddelt eit patent må oppfinninga løyse eit teknisk problem på en ny og oppfinnsam måte. Her gjeld same krav for datamaskin-implementerte oppfinningar som for andre oppfinningar.
For kvar enkelt oppfinning må du utforme ein patentsøknad som består av ei teknisk forklaring, krav og eventuelt teikningar. Den tekniske forklaringa og teikningane tar utgangspunkt i design- og implementeringsskildringa av produktet, krava definerer oppfinninga du søkjer patent for.
- Nyheit – oppfinninga må vere ny. Det inneber at oppfinninga ikkje kan vere kjent frå før. Er oppfinninga kjent for offentlegheita gjennom publisering, i marknaden, på ei utstilling eller liknande er kravet til nyheit ikkje oppfylt.
- Oppfinningshøgd – oppfinninga må skilje seg vesentleg frå kjent teknologi innan same teknologiområde.
- Industrielt utnyttbar – oppfinninga skal ha teknisk karakter, teknisk effekt og vere mogleg å reprodusere.
Patentkrava blir vurdert av saksbehandlarar hos Patentstyret med lang erfaring i å undersøkje nyheit, oppfinningshøgd og om ei oppfinning er industrielt utnyttbar.
- Les meir om krav til oppfinningar på sida Kva kan du søkje patent på?
Vi anbefaler at du søkjer kyndig rettleiing til utforming av patentsøknadar, noko som erfaringsmessig aukar sjansen for å få eit meddelt patent.
Copyright av program og kildekode
Programvare og kildekode kan vere beskytta av «Lov om opphavsrett til åndsverk m.v» (lenke til Lovdata) viss det du har utvikla har såkalla verkshøygd. Bruk av kildekode krev eit løyve frå den som har opphavsretten, og den kan for eksempel lisensierast ut til andre ved sal tilsvarande kjøp av programvare.
Open kildekode (lenke til Wikipedia) er eit døme på opphavsrett kor bruk av kildekode ikkje kostar noko, men er lisensiert gjennom ulike typar avtalar som regulerer opphavsretten til produkta kor koden er brukt. Publisering av kildekode kan hindre andre i å patentere same tekniske løysing, og sal av tenester og produkt omkring open kode eller programvare gjer det mogleg å tene penger på dette.
Forretningsløyndomar
Det er inga registreringsordning for forretningsløyndomar.
Hemmeleghald kan også velgast. Fleire og fleire integrerte elektroniske komponentar er i dag utvikla med tanke på å verne mot kopiering og tjuveri av IPR. Desse mekanismane beskytter kildekode mot kopiering eller «reverse engineering», men kan også vere eit vern for å halde tekniske løysingar hemmelege i staden for å patentere dei.
Designregistrering
Dette gir deg ein einerett til form/utsjåande av eit produkt, eksempelvis heile eller delar av eit skjermbilde.
Erfaring fra patentsøknader leverte til Patentstyret
Innlevering av ein patentsøknad krev godt forarbeid. Saksbehandlarane våre opplever at det i hovudsak er tre årsaker til at vi ikkje godkjenner patent:
- Ideen er ikkje ny
I fagområdet for datamaskin-implementerte oppfinningar finst det mange patent, og det er publisert mykje litteratur på området. Ein viktig del av forarbeidet før du sender inn ein patentsøknad er å kartleggje eksistarende rettar og tilgjengeleg informasjon om tilsvarande produkt og oppfinningar.
- Søknaden er ikkje godt nok formulert til å gi ein god rett
Utforming av ein patentsøknad er ein eigen profesjon og vanskeleg for dei som ikkje kjenner måten dette skrivast på. Dei aller fleste som søkjer om patent og som ikkje brukar kyndig hjelp, fell gjennom og får aldri eit meddelt patent. - Søknaden manglar krav og forklaring og viser berre konsept
Søknader som er mangelfulle ved at dei ikkje har ei tilstrekkeleg forklaring og krav, er ikkje mogleg å vurdere. Saksbehandlarane skal ikkje tolke eller definere kva oppfinninga er, og i eit svar på ein patentsøknad (realitetsuttaling) gir vi berre informasjon om kva som må endrast og tilpassast. Søkjaren har ansvar for å utforme innhaldet i patentsøknaden, og fordi dette krev erfaring vil vi tilrå å bruke kyndig hjelp til dette.