Europeisk patentsøknad
Noreg blei medlem i EPC 1. januar 2008. Dette inneber at europeiske søknader og meddelt patent kan få verknad i Noreg.
Du kan levere søknaden din elektronisk direkte til Det europeiske patentverket (EPO). Da oppnår du rabatt på søknadsavgifta og får umiddelbart ei kvittering på at søknaden er levert.
Søknaden blir behandla sentralt av EPO, som meddeler europeisk patent med verknad for dei landa som er utpekte i søknaden. Du må sjølv ta initiativ for å validere patentet i dei landa du ønskjer at patentet skal gjelde i. Då betaler du ei valideringsavgift og årsavgifter til dei einskilde landet. Les meir om validering
Du kan også levere ein søknad om europeisk patent til det nasjonale patentverket i eit av medlemslanda, inkludert Patentstyret. Den nasjonale myndigheita vil da oversende søknaden til EPO, som gjer den formelle kontrollen. Om denne datoen blir innleveringsdato, tek EPO stilling til under den formelle kontrollen. Patentstyret har dermed ikkje noko ansvar viss mottaksdatoen ikkje tilfredsstiller krava til innleveringsdato.
- Representasjonsregler ovanfor EPO
- Meir om søknadsprosessen på EPO sine sider
- Medlemsland
- Forsvarsviktige oppfinningar
Provisorisk patentvern i Noreg
For å få provisorisk vern i Noreg for ein europeisk patentsøknad, må du omsetje patentkrava til norsk og sende omsetjinga til Patentstyret.
Følgjande må leverast til Patentstyret før patentet er meddelt i EPO for å få provisorisk vern i Noreg:
- Patentkrav på norsk
- Opplysning om søknadsnummer og/eller publiseringsnummer i EPO
- Opplysningar om søkjer sitt namn og adresse
- Eventuell fullmakt. Leverer du ikkje fullmakt, blir søknaden publisert utan fullmektig.
Patentstyret vil kunngjere i Norsk patenttidende at patentkrav er levert på norsk, og gjere omsetjinga tilgjengeleg for einkvar.
Det provisoriske vernet gjeld berre så langt det er samsvar mellom den norske omsetjinga og teksten på det språket som var behandlingsspråk i EPO. Du kan sende inn ei retting av omsetjinga. Ved retting av omsetjinga må du betale eit gebyr.
Når du sender inn omsetjing eller retting må du fortelje oss at dei er sendt inn for å få provisorisk vern.
Patentstyret må kunngjere at vi har motteke ei retting av omsetjinga for at rettinga skal gjelde.