Innlevering av PCT-søknad

For elektronisk levering av PCT-søknader oppfordra vi deg til å nytte WIPOs sitt innleveringssystem ePCT eller eOLF (Online Filing software) levert av European Patent Office (EPO).

PCT-søknader levert via ePCT og eOLF kvalifiserer for rabatt avhengig av formatet på søknaden. Sjå avgifter og gebyr for detaljar.

Begge systema er tilgjengelege gjennom heile døgnet slik at du kan sende inn søknaden din når det passar deg best.

Korleis levere PCT

  1. ePCT systemet er ein rask måte levere internasjonale søknadar på under Patent Cooperation Treaty (PCT). Utvikla av World Intellectual Property Organization (WIPO).
  2. Du kan også bruke eOLF (Online Filing software) som er levert av det europeiske patentverket (EPO) for innlevering til oss som mottakande myndigheit.

NB: Verktøya kan kun brukast for innlevering av internasjonale PCT-søknadar (PCT/RO/101 PCT Request) og kan ikkje brukast for innlevering av europeiske (EP-patent) og nasjonale patentsøknadar til Patentstyret.

PCT-søknadar innlevert via desse to kanalane kvalifiserer for rabatt/avgiftsreduksjon avhengig av dokumentformata i søknaden. Sjå oversikt over avgifter og gebyr for detaljar.

Både ePCT og eOLF er tilgjengelege 24 timar i døgnet, sju dagar i veka, bortsett frå under annonserte vedlikeholdsperiodar. Dette gir deg moglegheit til å levere søknaden når det passar deg.

Du kan også levere søknaden per post eller som korrespondanse via Altinn.

Elektronisk levering via ePCT

ePCT private services

ePCT private services gir deg som kontoeigar tilgang til alle internasjonale søknadar som du sjølv eig eller forvaltar. Du kan også utarbeide og levere nye internasjonale patentsøknadar via denne tenesta. Viss du utarbeider ein internasjonal søknad via ePCT-Filing, vil dei fleste formelle feil oppdagast før innlevering, og du kan korrigere desse før søknaden leverast.

Du kan også bruke ePCT-systemet til å sende elektroniske førespurnader for ulike handlingar knytta til søknadane dine, og du har tilgang til bibliografiske data og dokument som finst i dei internasjonale søknadane dine, også dei som enno ikkje har vore publisert. Dette gjeld også dokument som er sendt av mottakande myndigheit (RO) og internasjonale myndigheiter (ISA og IPEA), i den grad ein kopi blir sendt til det internasjonale byrået i WIPO.

I ePCT private services vil du i tillegg finne ekstra funksjonalitet for å administrere roller, porteføljer og motta varsel frå systemet etter eigne behov og preferansar. Dette er funksjonalitet som kan vere nyttige for oppfølging av eigne søknadar for deg som søkjar eller som fullmektig for andre.

Viss du har spørsmål om ePCT, kan du kontakte oss.

Kom i gang med ePCT

Før du brukar ePCT du må registrere deg hos WIPO som ePCT-brukar, opprette ein konto og laste opp eit digitalt sertifikat. Du kan gjere dette frå ePCT-nettsida.

Ytterlegare informasjon om korleis du registrerer deg for ePCT finn du på WIPO sine informasjonssider for levering, ePCT brukarhandbok og ofte stilte spørsmål.

Teknisk support

Teknisk support og hjelp relatert til ePCT får du via WIPOs ePCT informasjonssider eller ved å sende ei melding til epct@wipo.int.

Levering med eOLF

eOLF er en gratis, nedlastbar programvare som gir moglegheit til å førebu den internasjonale søknaden i elektronisk form, og deretter sende søknaden elektronisk.

EPO har nettsider kor du kan laste ned oppdaterte versjonar av programvaren. 

Kom i gang

eOLF må bestillast via EPO sine nettsider. Du vil motta ein pakke i posten som inneheld smartkort og andre ting du treng for å installere programvaren på din PC. 

Vi anbefaler at du alltid brukar den nyaste versjonen av programvaren. Denne vil du til einkvar tid finne på EPO sine nettsider - Online Filing.

Smartkort og sertifikat

Viss du brukar eOLF for levering av elektroniske PCT-søknadar, må Patentstyret registrere smartkortet ditt før du kan levere den første søknaden. Registreringa gjer du berre éin gong.

Registrer deg her: https://pctsafe.patentstyret.no/olf/enrol/. Bruk Internet Explorer, og husk at smartkortet må vere kopla til ved registreringa.

Teknisk support

EPO kan kontaktast via EPO kontaktskjema og EPO kundeservice.

Vilkår ved elektronisk levering

Ver merksam på at den elektroniske søknaden din ikkje er rekna for innkome før vi har motteke han på serveren vår. Du får ei kvittering som bekrefter at vi har motteke søknaden.

Betalingsmåte

Vi fakturerer avgifter for internasjonale søknadar til Patentstyret som mottakande myndigheit. Etter at du har sendt søknaden, får du ein faktura som må betale innan ein månad.

PCT søknadsskjema

Viss elektronisk levering ikkje er mogleg, kan du bruke PDF-skjemaet nedanfor og sende søknaden via post eller via Altinn.
PCT request form

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: