Kostnader ved internasjonal patentering
Kostnadene består av avgifter for å søkje patent i dei enkelte landa og bruk av fullmektig til hjelp i søknadsprosessen. Avgiftene er avhengige av den søkjeordninga du vel. Kostnadene forbunde med bruk av patentfullmektig i dei ulike landa, og ikkje minst kostnader knytta til omsetjing av patentsøknaden og/eller patentet til det enkelte land sitt språk utgjer ofte ein stor del av dei totale kostnadene.
Dei totale kostnadene kan også bli vesentleg høgare viss du får problem med å få patentsøknaden godkjent i enkelte land, da dette ofte inneber forlenga behandlingstid og auka behov for hjelp frå patentfullmektig. Det vil også ofte knytte seg kostnader til godkjenning av patentet, og til å oppretthalde det. Mange land krev bl.a. at eit patent skal omsetjast til landet sitt eige språk for å vere gyldig i det landet.
Å søkje om patent i fleire land kan bli dyrt. Før du begynner den prosessen, bør du derfor vurdere om eit patent vil tene seg inn igjen.
Nedanfor finn du nokre eksempel på kostnader. For meir nøyaktig informasjon, ta kontakt med eit patentkontor eller Patentstyret.
Døme på søknadskostnader
Dette er nokre døme på kva det kan koste å søkje patent i utlandet. Vi tek atterhald om at beløpa vil kunne variere betydeleg frå søknad til søknad. Det kan også kome til betydelege kostnader til omsetjing og konsulenthonorar. Kostnadsbiletet ved kombinasjon av dei ulike søknadsordningane er ikkje beskrive i detalj.
PCT
brukar du PCT-systemet, vil ein patentsøknad koste 35-50 000 NOK pluss moms. Beløpet inkluderer innleveringsavgift på ca 20 000 NOK. I tillegg kan det kome utgifter til omarbeiding av PCT-søknaden.
Ved nasjonal vidareføring etter 30 til 31 månader kjem også utgifter til patentfullmektig og omsetjing som varierer frå 30-70 000 NOK i dei landa du vel å levere søknaden.
- Les meir på WIPO sine nettsider: ”PCT filing and PCT fees”
- Sjå også Avgifter ved innlevering av PCT-søknadar på denne nettstaden.
- Sjå også Patentkalkulator på nettstaden iprhjelp.no
Etter at søknaden er vidareført til nasjonale eller regionale patentverk, må du betale årsavgifter til desse. Når patentet er meddelt, må du betale årsavgift for kvart år du vil oppretthalde patentet.
EPC
Viss du ønskjer å bruke EPC-systemet og vil levere inn ein søknad til EPO, kan patentfullmektigen sitt honorar bli 50-80 000 NOK pluss moms. Utgifter til eventuell behandling av søknaden fram til validering kan kome i tillegg.
Etter at søknaden er godkjent hos EPO, kjem det i tillegg ei valideringsutgift som inkluderer utgifter til omsetjing, på minst 20 000 NOK pr. land du peiker ut.
Les meir på EPO sine nettsider:
- "A step-by-step guide to the grant procedure"
- "Fees, expenses and prices"
- Sjå også Patentkalkulator på nettstadeniprhjelp.no
Når søknaden har ført til patent i EPO, må du betale årsavgifter i kvart enkelt land der du ønskjer å oppretthalde patentet. Årsavgiftene varierer frå land til land.