Bru
Foto: ScanStockPhoto

Nordisk Patentinstitutt

Nordisk Patentinstitutt (NPI) er eit samarbeid mellom patentmyndigheitene i Danmark, Noreg og Island og har status som PCT-myndigheit.

Lenkje til nettstaden til Nordisk Patentinstitutt - npi.int

Nordisk Patentinstitutt - logo

 

Nordisk Patentinstitutt (NPI) tilbyr søkjarar i Noreg, Danmark, Island og Sverige ei lokal, kompetent, lett tilgjengeleg, fleksibel og konkurransedyktig PCT-myndigheit i den internasjonale fasen. Instituttet gjer nyheitsgransking og førebels patenterbarheitsvurdering i samsvar med konvensjonen om patentsamarbeid (PCT). Nordisk Patentinstitutt kan ikkje meddele patent.

Ein viktig fordel for norske søkjarar ved å bruke Nordisk Patentinstitutt er at dei kan kommunisere på norsk under behandlinga av PCT-søknaden i den internasjonale fasen. I tillegg kan søkjaren bruke same, norske fullmektig gjennom behandlinga av både nasjonal førstesøknad og den internasjonale fasen for PCT-søknaden. Søknader kan vere skrivne på dansk, norsk, svensk eller engelsk.

Viss ein PCT-søknad har basis i ein nasjonal førstesøknad innlevert i Noreg, vil normalt ein annan saksbehandlar behandle den internasjonale søknaden for å gi ei ny vurdering. Du kan likevel bidra til å minimere unødvendig dobbeltarbeid og redusere kostnadene dine ved å be om at nasjonal gransking leggast til grunn for den internasjonale granskinga.

Nordisk Patentinstitutt leverer dei internasjonale PCT-rapportane med granskingsresultat og patenterbarheitsvurdering med kortare fristar enn gjeldande fristar for internasjonale granskingsmyndigheiter.

Nordisk Patentinstitutt utfører oppdrag om forundersøkingar for utanlandske aktørar. Forundersøkingar frå norske føretak og aktørar fell utanfor samarbeidet og skal som tidlegare sendast direkte til Patentstyret for utføring. Instituttet tilbyr også nyheitsgransking av internasjonal type (ITS) for nasjonale patentsøknadar. Les meir om tenesta «Nyheitsgransking av internasjonal type (ITS)»

Lenkje til nettstaden til Nordisk Patentinstitutt - www.npi.int

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: