Nyheitsgransking av internasjonal type (ITS)

Du kan bestille ei nyheitsgransking av internasjonal type (ITS) for den nasjonale patentsøknaden din.

Kva er en ITS?

ITS (International Type Search) er ei full gransking av den nasjonale patentsøknaden din utført av ei internasjonal granskingsmyndigheit. Denne typen gransking er identisk med granskinga som gjerast for internasjonale patentsøknadar. ITS er berre ei gransking og omfattar ikkje vurdering av nyheit, oppfinningshøgd eller industriell brukbarheit.

Fordelar ved ITS

Ein ITS kan på eit tidleg tidspunkt gi deg eit godt grunnlag for å vurdere om du skal søkje vern for oppfinninga di i andre land. Leveringstida hos dei ulike internasjonale granskningsmyndigheitene kan variere, men du kan normalt forvente å motta granskingsrapporten innan 3 månader frå den internasjonale granskingsmyndigheita mottok søknadsdokumenta og kravet om ITS-gransking, eller innan 9 månader frå søknadens prioritetsdag.

Ein ITS blir normalt utført av ein annan saksbehandlar enn han som gjer vurderinga av den nasjonale søknaden. Du vil derfor få to uavhengige granskingar av søknaden din.

Den internasjonale granskingsrapporten er konfidensiell og blir ikkje gjort allment tilgjengeleg.

Søknad om ITS

Du må be om ei ITS-gransking skriftleg innan 3 månader etter at Patentstyret mottok den nasjonale søknaden (leveringsdagen). Kravet sender du til Patentstyret. Du vel sjølv kva for internasjonal granskingsmyndigheit som skal utføre granskinga.

Du kan velje mellom

  • Nordisk Patentinstitutt (NPI)
  • Patent- och registreringsverket (PRV) - Sverige
  • European Patent Office (EPO)

Vel du EPO som granskingsmyndigheit, må søknaden omsetjast til engelsk viss den ikkje allereie finst på engelsk.

Patentstyret mottek krav om ITS-gransking og betalingar for desse på vegne av den internasjonale granskingsmyndigheita. Når vi mottek kravet om ITS-gransking, sender vi faktura for avgiftene.

Viss vilkåra for å krevje ei ITS-gransking er oppfylt, oversender vi dei nødvendige dokumenta til den internasjonale granskingsmyndigheita du har valt.

Resultat

Ein ITS kan gi ein tidleg indikasjon på om søknaden bør endrast før du leverer ein internasjonal patentsøknad (PCT-søknad).

Viss du bestemmer deg for å levere ein PCT-søknad basert på den nasjonale søknaden, og den internasjonale granskingsmyndigheita du har valt kan bruke materialet funne i din ITS-granskingsrapport (International Type Search Rapport), kan dette gi grunnlag for rabatt eller delvis tilbakebetaling av ITS-avgifta i den internasjonale fasen.

Relevante lover og forskrifter

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: